Erlend Apneseth: Nattsongar

 Erlend Apneseth. Foto: Oddleiv Apneseth

Erlend Apneseth. Foto: Oddleiv Apneseth

TINGINGSVERK

  "Det er ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda, og som ikkje berre indirekte må bære ein stor del av skulda for at eg no er musikar. No skal eg få gje ein bit av mi verd tilbake." 

Erlend Apneseth frå Jølster er ein ung musikar og komponist, som på rekordtid har etablert seg i toppsjiktet av hardingfelespelararar i Norge. I årets tingingsverk hentar han fram idéar og skisser til musikk han har samla opp gjennom åra og vidareutviklar dei til heile låtar. Erlend Apneseth byggjer gjerne musikken sin på små, ofte melodiøse tema som får utvikle seg i møte med andre musikarar. Han er open for nye speleteknikkar og andre sjangrar, og er på alle måtar ein musikar av si tid, men det er hardingfela og slåttemusikken som er sjølve kjernen i det han gjer. Erlend Apneseth har gjeve ut to plater, som begge har fått overstrøymande kritikkar: Blikkspor (Grappa Musikkforlag, 2013) og Det andre rommet (Hubro) i februar i år.

Apneseth skildrar arbeidet med tingingsverket som eit slags forskningsprosjekt; eit forsøk på å forene ulike aspekt ved det vide begrepet "verdsmusikk" gjennom sitt eige musikalske univers, utan at det treng eller skal definerast for tydeleg - men forhåpentlegvis åpne øyrene for noko nytt. I tillegg går han inn i såkalla kontrafaktiske spørsmål kring slåttetradisjonar; til dømes: Kva om Anders Viken hadde latt seg inspirere av Django Reinhardt i si tid, korleis ville polkaen Smøygen låte? Eller hallingen Gamlestovslåtten i balkandrakt? Om Førdefestivalen hadde eksistert for hundre år sidan, ville slåttematerialet i nærområdet ha lete annleis sidan impulsane hadde vore fleire? Ved å vri og vende på det velkjente tradisjonelle materialet vil det fort vise seg, forøvrig i folkemusikkfestivalen si ånd - at vegen ikkje er så lang frå Sunnfjord til for eksempel Aust-Europa eller Midtausten. Med seg har han eit lag av glitrande musikarar med bakgrunn frå både folkemusikk og improvisasjonsmusikk, og saman skal dei skape musikk du garantert ikkje har høyrt før. Eller kanskje har du det? 

Erlend Apneseth - fele
Hans Hulbækmo - perkusjon
Ole Morten Vågan - kontrabass
Erik Rydvall - nyckelharpe
Stein Urheim - gitar
 

Laurdag 9. juli 13.30 Erlend Apneseth: Nattsongar    - Tingingsverk
Festsalen, Førdehuset