Circus Raj – Rajasthan, India

Ekte gatesirkus frå Rajasthan til Førde

Circus Raj er ei gruppe utvalde sirkusartistar blant eliten i Rajasthan sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon. Denne heilt spesielle forma for underhaldning er ei blanding av dei utrulegaste sirkusnummer i kombinasjon med levande brassmusikk; det også ein lang og viktig tradisjon i Rajasthan.

Mange av dei spektakulære sirkus-stunta har sitt opphav heilt tilbake til maharajaene si stordomstid; desse fyrstefamiliane i India som elska å omgje seg med glitter, stas og sirkusmagi. Circus Raj har som mål å ta indisk sirkustradisjon til nye høgder, og det blir sirkus slik du aldri har sett det før i Førde når  dansarar, illusjonistar, luftakrobatar, linedansarar og fakirar riggar seg til for framsyning i parken på Festplasssen. Her blir det både latter og moro for heile familien.

Circus Raj tilbyr også sirkuskurs for born under festivalen. 

GOVINDA fakir
AKBAR KHAN - illusjonist
AMIR KHAN - vokal, harmonium
RAJAN SINGH NAT - dans
DHOLYA SAPERA - dans
IRAN SINGH - balansekunstnar

 

Framsyningar og kurs:


Torsdag 7. juli 15.00     Circus Raj
Festplassen


Fredag 8. juli 15.00     Circus Raj
Festplassen



Fredag 8. juli 13.00     Sirkuskurs for born
Festplassen

Kjøp billettt = påmelding til kurs:-)