Camilla Granlien - Norge

Folkesongaren og låtskrivaren Camilla Granlien er oppvaksen på Hamar, men bur i dag på Lillehammer. Ho har master i tradisjonskunst, og har særleg fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Camilla Granlien har gjeve ut fleire platar, den foreløpig siste er plata Kjære vennen min som kom i 2015. I tillegg til ein aktiv songkarriere, har ho også stått på scena i fleire teaterproduksjonar, og ho underviser også i song. Camilla Granlien kan vise til mange sigrar i vokal klasse A på Landskappleiken, og i 2008 fekk ho Kongepokalen for songen sin. 

I tillegg til å vere konferansier på festivalgallaen saman med Geirr Lystrup, har Camilla Granlien songkurs under festivalen på fredagen, og du møter ho også i konserten Spring du fela, i Klokkargarden i Fjaler søndag ettermiddag. 

 

Konsertar og kurs: 


Fredag 8. juli 09.30-11.30  Songkurs med Camilla Granlien
Førde Barneskule


Laurdag 9. juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Søndag 10. juli 17.30 Spring du fela
Klokkargarden, Dale