CAFÉ AMAN İSTANBUL – Tyrkia

Sydlandsk rembetika-stemning

Ved å hente fram og revitalisere dei mange songane frå rembetika-tradisjonen i Anatolia (Lille-Asia) og Hellas, markerer Café Aman Istanbul ein ny start for rembetikamusikken i den tyrkiske verdsbyen. Gjennom ei vakker musikk- og danseframsyning tek Café Aman Istanbul oss med tilbake til dei gamle kneipene – Café Aman, som var bærebjelkar i den ottomanske livsstilen – der tyrkarar og grekarar for 100 år sidan møttest for å dyrke sin felles rembetikatradisjon.

Café Aman Istanbul syng både på tyrkisk og gresk, og tek songane tilbake til den staden dei opprinneleg kom frå. Dei viser oss gjennom dette ein multikulturell musikk som har overlevd, i motsetning til mykje av det andre kulturmangfaldet som var levande på den tida. Framsyninga gjev oss også rembetikaen slik den har arta seg frå 70-talet og fram til I dag. Dette er både visuelt og vakkert!

I tillegg til den store framsyninga onsdag kveld, skal Café Aman Istanbul også spele til dans torsdag kveld og ha kurs I gresk-tyrkisk dans. 

Pelin Suer Berber - vokal
Stylianos Bermperis - vokal
Apostolos Sideris - kontrabass
Emmanouil Kottoros - fele
Emmanouil Grysmpolakis - trekkspel
Ioannis Pournaras - gitar
Konstantinos Mitsios - bouzuki
Izzet Kızıl - rytmeinstrument
Kleopatra Misailidou - dans
Petros Mastoros - dans
Zoi Theochari - dans

 

Konsertar:


Onsdag 6. juli kl. 20.00  Café Aman Istanbul
Storsalen, Førdehuset


Torsdag 7. juli kl. 21.30 Dansen går I Førdehuset
Festsalen, Førdehuset

Manuelt billettsal. 
Fri entré med festivalpass eller billett til opningskonserten. 


Torsdag 7. og fredag 8. juli: Gresk-tyrkisk dansekurs
Førde Barneskule