BROUKAR – Syria

BROUKAR: Svivande dervishdans 

BROUKAR: Svivande dervishdans 

Austens mystikk, sufisme og hypnotisk dans

Broukar vart etablert i 2007 i Damaskus, arabisk kultur si internasjonale høgborg. Målet deira er å formidle austens musikktradisjonar i all dens rikdom og prakt. Broukar sitt repertoar er tradisjonell arabisk musikk, der sufisong står sentralt. Sufisong er direkte knytta til sufismen, ein måte å praktisere islam på, der det rituelle høgdepunktet er den hypnotiske, nesten magiske, dervishdansen.

I den intime teatersalen kjem du tett på ein av dei mest særeigne danserituala vi veit om. Dervishdansen er ei slags åndeleg reise. Dansaren, i kvit kjole når tekstane er religiøse og svart når dei har verdsleg innhald, sviv kring sin eigen akse. Først sakte, så raskare og raskare, til han kjem i transe. Når du oppnår ekstasen er du i eit perfekt forhold til sanninga og til Gud, og etterpå kan du vende tilbake og tene Gud og hans skaparverk.

Musikarane i Broukar er med i fleire arabiske orkester. Dei underviser i arabisk musikk og har alle gått på prestisjetunge skular, som musikkinstituttet i Damaskus.

Taoufik Mirkhan – kanun
Modar Salama – perkusjon
Tamman Mohamad Alramadan - näi
Abdulrahman Modawar - vokal
Hadil Mirkhan – cello
Ahmad Alkhatib – dans

Konsertar:


Torsdag 7. juli 19.30     Opningkonsert: På flukt! 
Idrettshallen, Førdehuset

Laurdag 9. juli 14.00    Broukar
Teatersalen, Førdehuset