Susanne Lundeng |- Norge

I framsyninga «Nesten ikke helt som før» fortel, dansar og spelar Susanne Lundeng ut sin kjærleik til ein nordnorsk folkemusikktradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv. Til tider kan den kjennast som eit åk. Andre gonger er den det viktigaste i verda.

Susanne Lundeng si reise frå folkedansar via spelekvinne til konsert- og plateartist har gjort at ho stadig har måtta hente fram igjen forholdet sitt til denne tradisjonen. Ein tradisjon som har oppstått og vorte dyrka på heilt andre måtar i nord enn sør i landet.

Musikken har vorte utveksla der det har vore folk – på fiske, på marknadar og på handelsreier. Kampen for å knyte seg til denne musikktradisjonen og med publikum, har, paradoksalt nok, til tider gjort henne einsam. Då trøystar ho seg med gamle slåttar og minna frå dei ho lærte dei av.

I solokonserten «Nesten ikke helt som før» svingar Susanne mellom avslørande sjølvironi og brådjupt alvor. Det er ei forteljing om ein folkemusikksamlar driven av nordlandsk nasjonsbygging, men også om ein moderne artist som finn fram til si personlege stemme.
 
"Nesten ikke helt som før" er ein samproduksjon mellom Riksscenen og Førdefestivalen.

Susanne Lundeng - fele
Gull Øzger - regi, koreografi
Aslak Moe - regi, dramaturgi
Ida Andersson - lysdesign
Fritjof Lindemann - lyddesign

 Foto: Ingvil Skeie Ljones

 


Susanne Lundeng is one of our most characteristic musicians. Her artistic expression is rooted in the north Norwegian folk music. As a little girl in Bodø she was told about the folk music veterans of Lofoten and Salten. She brought her fiddle searching for these veterans. She found them, they taught her and told her to play her way. Not like us, for we are old, they said. Do it your way! They gave her the freedom and the possibility to develop her own sound; at the same time, they expected her to carry the heritage onwards. Susanne Lundeng is one of our most prominent musicians and has successfully renewed folk music without losing the heritage.

 


Konsertar: