Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola

Intimt, inspirert og intenst med røter i Skottland 

Sarah-Jane er ein respektert tradisjonsberar frå Skottland med master i norsk folkemusikk og improvisasjon frå Norges Musikkhøgskole. Den musikalske stemma hennar er unik, og Summers er med i fleire ensemble og med fleire musikarar: RANT, Elin Kåven, Ingrid Håvik og trioen Mala Fama.

Juhani Silvola er ein ettertrakta gitarist og produsent, som mellom anna har spelt med Erlend Viken Trio, Adjagas, Highasakite, Earlybird Stringband og Elin Kåven.

Hausten 2013 gav Summers og Silvola ut eit felles album. Plata fekk strålande kritikkar, og kom mellom anna på Top of the World-lista i det anerkjende magasinet Songlines. Musikken deira byggjer for det meste på tradisjonen frå det skotske høglandet, men omfattar også eigne låtar. Duoen har ei open og improvisatorisk tilnærming, med både fele og gitar i solistrolla. Dei får fram ei intim stemning, der musikken blir som ein samtale med både lette og meir alvorlege parti. Som duo får dei fram alle klangmessige og uttrykksmessige sider ved instrumenta sine, og gjennom kreative arrangement og tett samspel skaper dei intense musikkopplevingar for publikum.


Sarah-Jane Summers – fele, hardingfele
Juhani Silvola – gitar

Not your average duo, Sarah-Jane Summers and Juhani Silvola lift you from the ordinary everyday to a captivating world of spacious, meditative soundscapes and driving rhythms strongly rooted in Sarah-Jane’s traditional Highland Scottish background.




Konsert: