NOREUM MACHI | Korea

Noreum Machi er for tida det mest kjende folkemusikkbandet frå Korea. Det som starta i 1993 med eit ønskje om å skape ein ny og moderne kombinasjon av koreansk folkesong og høgintensiv perkusjon, har vorte krona med suksess både i heimlandet og internasjonalt. Instrumenta dei brukar er tradisjonelle trommer (janggu, jing, buk and kkaaenggwari) og essensen i framsyningane er musikalitet og kreativitet. I botnen litt tradisjonsmusikken, men Noreum Machi lagar også eigne komposisjonar. Dei ulike elementa vert sydde saman til ein heilskap som gjev publikum gåsehud same kvar i verda dei er. 

Noreum Machi, tyder forresten «den som ingen vågar å følgje», så dei har lagt lista høgt! Til no har suksessen ført dei på turné til rundt 30 land og resultert i mange inspirerande møte med nye kulturar og tradisjonar. Førdefestivalen er stolt over å presentere Noreum Machi på norsk jord for første gong, og vi gler oss til ei framsyning som er like fargerik som den er spektakulær!

Seongran AN 
Juhong KIM - perkusjon, vokal
Taeho KIM - perkusjon
Youngjun KIM - fløyte
Howon LEE - perkusjon
Hyunju OH - perkusjon


 

Norem Machi, currently the most widely recognized Korean traditional music band in Korea, was founded in 1993. They bring together traditional singing and enchanting powerful percussion, mixed with musical and creative activities. Ever since their first performance, Noreum Machi has continued to carve out their own path nationally and internationally. So far they have performed in almost 30 countries and they keep developing musical skills and enjoying meeting with people from all over the world. 


Konsertar: