Natacha Atlas | Egypt/UK

Med egyptisk-engelske foreldre, og oppvaksen i Brüssel, har det vore naturleg for Natacha Atlas å ta med seg fleire kulturar inn i musikken. Med stor tryggleik byggjer ho musikalske bruer ved å blande arabiske melodiar og instrument med vestlege rytmar og harmoniar. På dette området er Natacha Atlas ein pioner. Ho er ein allsidig artist, som har jobba med store namn innan fleire sjangrar; som Peter Gabriel, Sinead O’Connor og Jean-Michel Jarre. I tillegg til fleire platesuksessar har Natacha Atlas medverka med musikk på fleire spelefilmar og i dataspel. Musikk til ballett har ho også laga, saman med Samy Bishai, og hennar siste samarbeidsprosjekt er med den verdskjende fransk-libanesiske jazzmusikaren, Ibrahim Malouf.

Dei siste åra har Natacha Atlas markert seg med eit meir akustisk uttrykk. Ho har nytta musikarar frå klassiske strykeorkester i prosjekta sine og har også spelt på festivalar for klassisk musikk. Og det er dette uttrykket ho konsentrerer seg om når ho kjem til Førde med sitt 10-manns sterke ensemble. Her er et er duka for ein storslagen konsert med suggererande rytmar, dans og mystikk à la 1001 natt!

"… the true measure of this Moroccan, Egyptian, Palestinian singer's talent is that her sensuous serpentine voice coils its way around a diverse set of songs, from the heavily groove-centered to the ethereally acoustic, making each one her own." The Independent


Natacha Atlas - vokal, dans
Samy Bishai - fele
Andy Hamil - bass
Ivan Hussey - cello
Alcyona Mick - flygel
Louai Al Henawi  - ney
Aly Abdel-Alim - perkusjon
Visilis Sarikis - perkusjon


 

Born in Brussels of Anglo-Egyptian parentage, Atlas’s multi-cultural background and experiences have helped shape her trademark sound which seamlessly bridges musical and culture divides. She has released several albums and worked with artists like Peter Gabriel, Sinead O’Connor and Jean-Michel Jarre. She has also co-produced music for a ballet, together with Samy Bishai. In recent years, Natacha’s repertoire is more reflective of her acoustic albums, Ana Hina and Mounqaliba and performances have included classical music festivals and concert halls. On her new studio album to be released this year, she works with the French-Libanese jazz legend, Ibrahim Malouf. 


Konsert: