Khaira Arby | Mali

Dronninga av ørkenblues er klar for Førdefestivalen!

Khaira Arby er ein av dei levande legendene i Mali sitt musikkliv, og ein av dei absolutt store namna innan «ørkenblues». Blues blir nok av mange rekna som eit amerikansk fenomen, men desse «blå» rytmane har sitt opphav frå slavane som kom frå områda langs elva Niger. Her ligg også Timbuktu, Khaira Arby sin heimby, som var eit symbol for kultur og historie – og for ørkenblues - inntil ekstremistane kom og la meste i grus.

Gjennom musikken sin tek Khaira Arby oss med til ein by der mykje av historia ligg i ruinar, men med eit folk og ein kultur som er sterke nok til å overleve. Med si sterke stemme Khaira Arby gjer det ho kan for å bringe den stolte musikktradisjonen vidare. Ho vil byggje bruer mellom kulturar, folk og generasjonar i Mali og resten av verda. Og trass eit dystert bakteppe, Khaira Arby sin musikk gjev oss alltid lyst til å danse!

Khaira Arby kjem til Førde etter opptreden på Roskildefestivalen.

«Arby is one of Mali’s most widely respected female singers and has a powerful style influenced by both southern Malian traditions and Arabic Melisma.» (Joe Tangari Pitchforks)

Her er ein The Guardian-dokumentar om Khaira Arby og situasjonen i Timbuktu.  

Khaira Arby - vokal
Bouba 
M'Barka Dembebe - gitar
Mahal Madane Abbanassane - trommer
Moulaye - bass
Dramane Toure - gitar


Khaïra Arby’s music takes the listener on an audio journey across the essence of Mali and Tombouctou, a meeting of religions, cultures, past and present. She sings in the desert blues tradition and expresses her pride in the history and struggles of her desert homeland and its people. With her soaring, swelling and soulful vocals she sings of love, peace, family and the lives of women. She pairs her traditionally-rooted songs with her rock'n roll backing band (electric guitar, bass, calabash, ngoni, traditional violin and trap drum kit), like that she bridges generations and cultures.

 


Konsert: