Kari Malmanger | Norge

130706FMFMalmangerx6OApneseth.jpg

Kari Malmanger frå Rosendal er kvedar i eliteklassen og utdanna lærar frå Høgskulen i Bergen. Ho har òg folkemusikkutdanning frå Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet. Ho har mastergrad i etnomusikologi og skreiv oppgåve om song, kjensler og minne.  I 2012 kom ho ut med plata ”No soli bakom blåe fjell”. No arbeider ho som lærar ved Kaupanger skule i Sogndal, og er i tillegg kordirigent, frilansmusikar og musikkpedagog.  Kari likar å syngja all slags musikk, men særleg folkemusikk. Under festivalen er det formidling for born og familiar som står i fokus.

”Det kjekkaste – og det vanskelegaste med å opptre for born er at ein må vere så fullstendig i augneblinken og gå heilt inn i kommunikasjonen med ungane for at det skal vera vellukka. Dei tek deg på alvor, og dei avslører deg dersom du ikkje kan det du skal, eller viss du ikkje meinar det du syng. Eg likar å improvisere og leika, og leiken høyrer jo borna til. Musikk er eit magisk språk. Eg elskar å snakka gjennom musikk!”

Om morgonstundkonserten:
Kari Malmanger tek deg med inn i storskogen der du får møta rocke-huldra, eit troll, ein prins, ulven, bjørnen og fleire andre dyr. Huldra treng hjelp frå deg til å finna att dei blå huldrekyra sine. Kan du klappa, syngja eller dansa litt? Då må du koma for å hjelpa!

 

Kari Malmanger is a freelance folk singer from Rosendal in Hardanger. She studied folk music at the Rauland Academy and Ole Bull Academy, and has a master degree in ethnomusicology. She released a solo album in 2012 “No soli bakom blåe fjell”. 

 


 

Konsertar: