Julie Fowlis | Skottland

Då Disney Pixar jakta på den perfekte, autentiske stemma for tittelsongen til Brave-filmen (Oscar, Golden Globe og BAFTA), fall valet ikkje overraskande på Julie Fowlis, ein av dei verkelege store skotske songstjernene. Julie vaks opp på North Uist, ei av øyane i ytre Hebridane i Skottland. Ho har markert seg som ein dyktig og medveten tradisjonsbærar, både når det gjeld det skotsk-gæliske språket og songtradisjonen i området. I tillegg til å bygge ein omfattande musikkarriere som mellom anna tel tre sterke plateutgjevingar, har Julie Fowlis fullført ein mastergrad i gælisk tradisjon og kultur, og vore «artist in residence» i eit av dei største digitaliseringsprosjekta i Europa, Tobar an Dualchais. Ho er også eit kjend TV-fjes med program på TV-Sky Arts HD, BBC Radio 2 og 4 og BBC Scotland og ALBA TV.

I tillegg til plateinnspelingar og innspeling av filmmusikken til Brave, held Julie Fowlis fram sine mange musikksamarbeid, og ho har motteke fleire høgthengande utmerkingar. Mellom anna har ho fått Glenfiddich Spirit of Scotland Award for Music og er utnemnd til Honorary Doctor of Music. Ho vert også engasjert som artist i samband med store sportshendingar i Skottland, og song til dømes på avslutningsseremonien på Ryder Cup 2012, som vart kringkasta til 500 millionar tv-sjåarar. Sjølv om suksessen til tider sender Julie Fowlis til himmels, og sjølv om ho i det siste har «flørta» med Hollywoodbransjen, er det ingen fare for at denne dama skal gløyme røtene sine! Julie Fowlis vil også i framtida vere ein kulturberar som held den gæliske fana høgt.

Julie Fowlis er nominert til Best Artist 2015 av det internasjonale tidsskriftet Songlines, for plata Gach Sgeul: Every Story (Machair Records).

I eit intervju til Scotsman.com seier ho:
Det er jo dette med å prøve og gjere songane litt meir sexy, gjere det litt enklare for publikum. Eg vil ikkje det. Songane er fantastiske som dei er. Dei treng ikkje bli fiksa på. Vi treng ikkje jazze dei opp. Desse songane kan snakke for seg sjølv. 

Her kan du lese heile intervjuet med Julie Fowlis.

www.juliefowlis.com

 

In addition to recording and producing for the award winning 'Brave', she continues to collaborate on various musical projects and has been awarded a huge number of accolades, including an Honorary Doctor of Music degree and the Glenfiddich Spirit of Scotland Award for Music.  She is a regular singing voice at Scottish football internationals, and was even invited to lead the Closing Ceremony of the historic Ryder Cup in 2012 which was broadcast live to a TV audience of around 500million.  Her brush with Hollywood has influenced her reach and audience but she remains grounded and connected to the ancient traditions of her homeland.


Konsertar: