Synnøve S. Bjørset & Elin Grytting Norge

Synnøve S. Bjørset er rekna blant våre aller fremste utøvarar og tolkarar på hardangerfele i dag. Med uvanleg kraft og sjel, presenterer ho eit smakfullt, melodisk utval av ukjende slåttar saman med nytolkingar av kjent materiale. Ho tek i bruk mange av dei ulike stilla på hardingfela. Opp gjennom åra har Synnøve S. Bjørset sikra seg mange prisar. Fleire plater har det blitt, og Synnøve S. Bjørset er også fast medlem i Majorstuen. I dag er ho tilsett som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.

Elin Grytting flytta frå Bærum til Nordfjord i 1976. Ho er folkesongar og musikkpedagog. Gjennom innsamling og studier har ho tileigna seg grunndig kjennskap til folkesongar og dansetradisjonar i Sogn og Fjordane. Kunnskap som ho flittig har formidla vidare både som fylkesmusikar i fylket (frå 1989) og gjennom frivillig arbeid. Elin Grytting har mange gode kappleiksprestasjonar. I 2014 mottok ho Kulturprisen i Gloppen, og ho har tidlegare motteke Folkemusikkprisen for sitt arbeid.

 

På Førdefestivalen gjev Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting folkemusikarane oss to versjonar av konserten «Røysekattrumpa og dei knisande geitene», ein kveldsversjon og ein morgonversjon. Dei inviterer deg med på ei eventyrleg og oververkeleg reise med rim, regler, songar og slåttar frå Sogn og Fjordane si rikhaldige folkemusikalske skattekiste.

Du får møte hanen Skrikomgal, pusen som ville ta med sine små døtre til Danmark, reven som fekk ein pissemaur på pinteren (kva er ein pinter, eigentleg?), grisen som vart åleine på isen, og ekornet som sat i enga og song. Og truleg blir det også halling for febersjuke mus som ventar på kakao, reinlender for brækande sauer, og ein ekte plukkfisk-springar!