Ole og Knut Aastad Bråten | Norge

Ole og knut Aastad Bråten - foto: Alexander Andersen

Ole og knut Aastad Bråten - foto: Alexander Andersen

Ole og Knut Aastad Bråten (f. 1976) kjem frå Valdres og har spelt langeleik sidan dei var 16 år gamle. Dei er begge knytte til ei rekkje tradisjonsliner, mellom andre Ola Brenno (1865–1957) og Olav Snortheim (1911–1988). Dei viktigaste læremeistrane har vore Oddrun og Gunvor Hegge, og Bergljot Hedda Lunde. Saman har dei vore med å gje langeleikmusikken eit løft i Norge dei siste 20 åra.  

Både Knut og Ole har vunne klassen for langeleik på Landskappleiken, til saman 10 gonger. I 2006 fekk Knut kongepokalen under Landskappleiken på Beitostølen. Ole fekk kongepokalen i 2014 under kappleiken på Geilo. Båe har delteke på kappleikar over heile landet, og på konsertar, og dei har medverka på fleire plateinnspelingar; Snart lyset sig mon svinge (2006) og I jolo (1998). I år er dei aktuelle med eige plate på selskapet Ta:lik.

Ole Aastad Bråten er konstituert direktør ved Valdresmusea. Han har hovudfag i kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Han er medlem av Rådet for folkemusikk og folkedans og sit i Nord-Aurdal kommunestyre for Venstre. Han bidreg jamt i det offentlege ordskiftet om tema som kulturminnevern, kulturarv og museum. Aastad Bråten leia i 2013 utstillingsprosjektet «Folkemusikk og nasjonalisme». I 2014 har han arbeidd med utstillinga «Langeleiken – heile Noregs instrument» som handlar om dei eldste strengeinstrumenttradisjonane i Noreg.

Knut Aastad Bråten er utdanna kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo. Han har i fleire år arbeidd som redaktør i Bladet Folkemusikk, i dag er han redaktør i allmennkulturtidsskriftet Syn og Segn. Knut Aastad Bråten er medlem i den norske fagkomiteen for UNESCOs internasjonale lister for immateriell kulturarv. Han er medforfattar av boka «New York – 100 unike opplevelser», som kom på Kagge Forlag i 2013. Knut Aastad Bråten har saman med broren produsert utstillinga «Johanne Kolstad» - om skihopparen med same namn (2013). Knut er som bror Ole aktiv i det offentlege ordskifte og skriv jamt i dei meiningsberande avisene i landet. 

 


The twins Ole and Knut Aastad Bråten from Valdres share a deep interest in the Norwegian traditional instrument langeleik. They have played the instrument from their childhood, and for the last 20 years they have done a continuous work to preserve and promote this particular instrument. They are now releasing their first duo langeleik album at the record company Ta:lik, and we are happy that they choose to have their release concert at the Førde festival. 

 


Konsert: