Då Disney Pixar jakta på den perfekte, autentiske stemma for tittelsongen til Brave-filmen (Oscar, Golden Globe og BAFTA), fall valet ikkje overraskande på Julie Fowlis, ein av dei verkelege store skotske songstjernene.
Read MoreKari Malmanger frå Rosendal er kvedar i eliteklassen og utdanna lærar frå Høgskulen i Bergen. Ho likar å syngja all slags musikk, men særleg folkemusikk. Under festivalen er det formidling for born og familiar som står i fokus.
Read MoreDronninga av ørkenblues er klar for Førdefestivalen!
Read MoreNyskapande trekkspelmusikk med friske vindpust og melankolsk ettertanke er Linda Gytri sitt varemerke.
Read MoreMahua Shankar byrja med den tradisjonelle kathakdansen som femåring. I dag er ho ein kathakdansar som har motteke fleire prisar og stått på scenene på mange prestisjetunge festivalar.
Read MoreMurad Ali Khan ein av dei leiande unge sarangimusikarane som no løftar fram sarangitradisjonen og gjer at dette særeigne instrumentet igjen kjem til heider og ære.
Read MoreMed stor tryggleik byggjer Natacha Atlas musikalske bruer ved å blande arabiske melodiar og instrument med vestlege rytmar og harmoniar.
Read MoreGruppa vart etablert i 2003 som ein slags «redningsaksjon» for musikk- og dansetradisjonane blant akafolket, eit av pygméfolka nord i Republikken Kongo.
Read MoreDet mest kjende folkemusikkbandet frå Korea. Det som starta i 1993 med eit ønskje om å skape ein ny og moderne kombinasjon av koreansk folkesong og høgintensiv perkusjon, har vorte krona med suksess både i heimlandet og internasjonalt.
Read MoreNomadic Voices er møtet mellom vakker fleirstemt tenorsong frå det barske og vakre fjellandskapet på Sardinia og inderleg strupesong frå dei endelause steppene i Mongolia.
Read MoreBåde Knut og Ole har vunne klassen for langeleik på Landskappleiken, til saman 10 gonger.
Read MoreOtava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk.
Read MoreKomponisten, forfattaren og musikaren Paulo Flores har lenge spelt ei sentral rolle i Angolas musikkliv.
Read MoreEin meister på gadulka, det bulgarsk tradisjonsinstrumentet med understrenger, som den norske hardingfela.
Read MorePilar Astola har sitt eige flamenco-ensemble som dansar på dei store scenene og i kjende TV-show i inn- og utland. Det er berre å glede seg!
Read MorePiotr Pucylo har tolka årets tema World ConneXions på sin heilt spesielle måte i kunstutstillinga: Things in instruments - Instruments in things, som vert opna onsdag 1. juli kl. 18.30.
Read MoreRajery er ein kulturformidlar av rang, som kombinerer eit sjeldan musikktalent med stor innleving og formidlingsevne. Han syng og spelar valiha, tubesitteren som vert rekna som nasjonalinstrumentet på Madagaskar.
Read MoreDei leverer dansemusikk av beste sort!
Read MoreOpplev musikk som byggjer på tradisjonen frå det skotske høglandet, men omfattar også eigne låtar.
Read MoreI framsyninga «Nesten ikke helt som før» fortel, dansar og spelar Susanne Lundeng ut sin kjærleik til ein nordnorsk folkemusikktradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv.
Read MoreKarane i SVER leverer ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet! Frå folkemusikken si skattkiste hentar dei fram den eine energiske slåtten etter den andre...
Read MorePå Førdefestivalen gjev Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting folkemusikarane oss to versjonar av konserten «Røysekattrumpa og dei knisande geitene», ein kveldsversjon og ein morgonversjon.
Read MoreDeltakarane i Talent 2015 kjem frå Iran, Armenia og Norge.
Read MoreTeam GløsTøs er det legendariske spelemannslaget som vart etablert blant studentar i Trondheim i 2004. I år feirar Team GløsTøs 10 år og på denne jubileumskvelden vert det sveitting, drikking og dans for alle penga
Read MoreVietnam har etter kvart fått fleire profesjonelle vassdokketeater; det største er Vietnam National Water Puppetry Theatre, som vart etablert av Ho Chi Min i 1956.
Read MoreKarismatiske Toto La Momposina er ei levande legende innan afro-colombiansk song.
Read MoreNår Ulla Pirttijärvi-Länsmann joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle....
Read MoreMed si uttrykksfulle stemme vert ho rekna som ein leiande folkesongar i Sverige, og opptrer som solist både innan folkemusikk og i andre sjangrar.
Read MoreDansegruppa Villniss har skapt eit eige univers i framsyninga «Årstidene». Dei raude sjala dansar av seg sjølv, snøen svevar rundt i springartakt og nordavinden bles frå alle kantar.
Read MoreUnni Løvlid frå Hornindal er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk.
Read More