Piotr Pucylo | Polen

Piotr Pucylo (1971) er frå Gdynia i Polen. Alt tidleg fekk han interesse for kunst og kultur frå andre verdshjørne, men først på 90-talet, då Polen opna seg for omverda, vart det mogleg å hente påliteleg informasjon om framande kulturar.

Under kunstutdanninga si i Poznan interesserte Piotr Pucylo seg særleg for møtet mellom det tradisjonelle og det moderne, både innan kunst og musikk. Han jobbar med digitalt format, fordi han meiner det er den beste metoden for å overføre fortid til notid og framtid. Piotr Pucylo er også musikar, og ser seg sjølv meir som ein formidlar enn ein  kunstnar. – Ein kunstnar skapar alt frå botnen, medan eg lagar eit bilete ved å bruke element frå kunst og kultur som er skapte av andre. Eg brukar elementa på ein annan måte – MIN måte! seier han.  Som designar har han mellom anna spesialisert seg på plateomslag og plakatar, og han har vore Førdefestivalen sin faste designar sidan 2007.

Piotr Pucylo er også kunstnarleg ansvarleg for verdsmusikkfestivalen Globaltica som går av stabelen i Gdynia i slutten av juli.

Kunstutstillinga Things in instrument – instruments in things er Piotr Pucylo si andre utstilling på Førdefestivalen.