Murad Ali Khan - Samvaad | India

Murad Ali Khan kjem frå ei kjend musikarfamilie, og er ein av dei leiande unge sarangimusikarane som no løftar fram sarangitradisjonen og gjer at dette særeigne instrumentet etter ein periode med synkande popularitet, igjen kjem til heider og ære. Han har spelt instrumentet sidan han var ti år, og alt i 1992 vann han sin første pris i ein nasjonal musikkonkurranse. Murad Ali Khan har røtene i sin eigen musikktradisjon, men søkjer også samspel med musikarar frå andre kulturar og andre sjangrar.

I tillegg til å lage musikk for ensemblet sitt, Samvaad, er Murad Ali Khan også leverandør av musikk til ei lang rekkje filmar både i Bollywood- og Hollywoodsjangeren. Dei store festivalane i heimlandet India har han gjesta fleire gonger, og han har også i fleire år turnert internasjonalt.

Til Førde kjem Murad Ali Khan med Samvaad-ensemblet og kathak-dansaren Mahua Shankar. Han er også ein av deltakarane i festivalen sin temaproduksjon, String ConneXions, som er eit møte mellom fire instrument der alle har understrenger.

Murad Ali Khan - sarangi
Hasan Shuheb - harmonium, vokal
Hussain Zakir - tabla
Mahua Shankar - dans

 

Murad Ali Khan is regarded as one of the leading sarangi players in the new generation, a generation that in many ways assures the future of the sarangi for some decades facing a declining popularity. Born in a family of musicians originally from Moradabad, Murad Ali is a sixth generation sarangi player. Although rooted in his own tradition, he likes to play with musicians from other cultures and genres. Murad Ali composes music for his ensemble, Samvaad, and has recorded sarangi music for several Bollywood and Hollywood films. 

 

 

Konsertar: