Amsterdam Klezmer Band | Nederland

Gladmusikk med ein porsjon galskap

«Miks ein porsjon klezmer med ein dose ska, tilset ein liberal dash balkan og til slutt ei klype sigøynermusikk! Strø over ei skei med jazz og ei aning punk. Sleng alt i blendaren, og du har ein komplett Amsterdam Klezmer Band. Server omgaånde!», slik omtalar den nederlandske musikkjournalisten Stan Rijven dette bandet som får publikum i heile verda til å danse og glise frå øyre til øyre!

Musikarane i bandet har bakgrunn frå både konservatorium og gata, og har rett og slett spelt seg i hop til eit band som leverer varene, enten dei spelar på eit gatehjørne i Amsterdam eller i ein elegant konsertsal i ein verdsmetropol. Ekstrem tilpasningsvilje og fanstastisk speleglede gjer Amsterdam Klezmer Band til publikumsyndlingar. Sjølv dei mest tungsindige musikkelskarar risikerer å bli klezmeriserte når dei vert utsette for dette entusiastiske sjumannsbandet.

På meisterleg måte har Amsterdam Klezmer Band klart å skape sin eigen, moderne versjon av den aust-europeiske klezmer-, balkan- og sigøynar-musikken. Dei er uimotståelege og inderleg gode musikarar, som vil dra i gang ein skikkeleg fest på Langebrutorget midt i Førde sentrum.

Jasper de Beer contrabass, banjo, vokal
Job Chajes altsaksofon, vokal
Alec Kopyt vokal, perkusjon
Gijs Levelt trompet
Joop van der Linden trombone, perkusjon
Janfie van Strien klarinett, vokal
Theo van Tol trekkspel

amsterdamklezmerband.com