Unni Løvlid | Norge

Frå stølstur til jubileumsgalla

Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte og aktive folkemusikarar. Ho har bygd seg opp ein internasjonal karriere, og har heile verda som arbeidsplass. Med solide røter i folkemusikktradisjonen, går ikkje Unni av vegen når det gjeld å utfordre seg sjølv, og ta folkemusikken over i samtidsmusikken og andre musikklandskap. Og det meste av det ho tek i blir «gull».

I år vil du møte Unni i fleire ulike samanhengar på Førdefestivalen: Torsdag får ho gjere noko ho tykkjer er veldig kjekt, nemleg å fortelje og synge for born. Dette er noko ho er oppvaksen med, og som ho har gjort meir og meir av etter at ho sjølv vart mor. Då har vi invitert ho «Ut på tur (aldri sur)» til Halbrendstølen i Førde. Saman med Barnas Turlag. På den trivelege og nyrestaurerte stølen vil ho synge og fortelje om «Tussar og troll – i dur og moll».

Fredag får Unni Løvlid utfalde seg på jubileumskonserten «Draumelaget Sogn og Fjordane», saman med ei rekkje av dei mest profilerte folkemusikarar frå fylket.

Og laurdagskvelden får ho gå inn i endå ei ny rolle, når ho som konferansier skal lose publikum gjennom ein Gjensynsglede-galla, med ei stjernespekka artistliste.

Unni Løvlid gledar seg sjølvsagt til det som for ho vert ein travel festival – og det gjer vi også!