Trio Teriba | Benin

Mjuk musikalsk miks frå Benin

Sidan dei dukka opp i 2002 har denne kvinnetrioen frå Benin etablert seg med fleire turnéar både i Afrika og Europa. På meisterleg måte miksar Trio Teriba tradisjonsmusikk med meir moderne afrikanske rytmar.

Sentralt i musikken står tre fantastiske stemmer, og dei tre akkompagnerer seg sjølv på enkle trommer, klokker, kalabass, kastanjettar med meir. Musikken er melodiøs og mjuk. Den får deg til å sveve. Dans er ein annan ingrediens i konsertane til Trio Teriba. Dei byr på koreograferte innslag, men slår også gjerne til med spontandans – enten solo eller alle tre i lag.

Trio Teriba har gjeve ut to plater, GAN NAN HO (2006) og Akpé (2012). Dei har ved fleire høve stått på scena med meir kjende afrikanske artistar som td Angelique Kidjo, og i 2013 er dei med på eit spor på plata hennar. Under Atlantic Music Expo på Kapp Verde i 2013 vart både våre og resten av publikum sine yndlingar. No ser vi fram til å kunne presentere dei for festivalpublikum i Førde!

Tatiana, Zékiath og Carine vokal og rytmeinstrument