To Tobi | Marokko

Ei musikalsk reise til torget i Marakkech

Brødrene Tobi lærde å spele tradisjonsmusikk av bestefaren sin tidleg i barneåra. Musikken dei spelar vert kalla Gnawi, som er ein lokal variant av Gnawa. Gnawa er kjend som transemusikk og har vorte brukt i healingritual i Nord-Afrika. Musikkforma har eksistert i svært lang tid, og er eit resultat av møtet mellom islamsk sufi, vestafrikanske tradisjonar og musikken til berberane, urfolket i Marokko.

Aissa og Abderahime var det vi ville kalle lokale barnestjerner. Alt som 10-åringar opptredde dei to brødrene for andre born og vaksne på skular og på festdagar i heimbyen. I ungdomsåra levde dei som profesjonelle musikarar i Marokko før Aissa flytta til Norge i 1988.

Aissa bur i Oslo og har blanda tradisjonsmusikken sin med vestleg musikk. Han er i dag ein spennande songar og musikar med mange prosjekt og sitt eige band som heiter Tassili. Han er også med i skulekonsertproduksjonen Sabrama, som turnerer for Rikskonsertane.

Abderahime flytta etter Aissa til Norge i 1999. Dei held no fram samspelet dei starta i barneåra.

I familiekonserten på festivalen tek dei små og store med på ei reise tilbake til heimlandet sitt, og eit møte med musikken som finst der - på torget i Marakkech.

Aissa Tobi vokal, sintir, bandir, karkab, fele, fl øyte, saks og tbal
Abderahime Tobi song og perkusjon