Taraf de Haïdouks | Romania

Sigøynarmusikk utan sidestykke

Sidan dei var på Førdefestivalen første gong i 1993 og spelte «fletta av» publikum, har Taraf de Haïdouks vorte synonymt med sigøynarmusikk og balkanmusikk. Det er få eller ingen som kan gjere denne gjengen rangen stridig når det gjeld å levere svingande rytmar og heftig vitalitet!

Taraf de Haïdouks kom til Vest-Europa første gong i 1991, og har sidan vore ein referanse for rytmen og intensiteten i den vitale sigøynarmusikken. Verdsturnéane, plateutgjevingane og dei gode kritikkane har gått hand i hand. Publikum over heile verda elskar dei. Den mest kjende blant fansen, er Johnny Depp, som til og med fekk musikarane med seg i ein film. Trass ein høg kjendisstatus har musikarane halde bakkekontakten. Spelegleda er intakt, og det same er livsstilen. Dei er livsnytarar av rang!

Medlemene i Taraf de Haïdouks kjem frå landsbyen Clejani, og dei tilhøyrer gruppa “Gypsy Lautari”; tradisjonelle musikarar. Den yngste er 20, den eldste har passert 80. Dei er tredje generasjonen av musikarar som spelar i bandet. Repertoaret spenner frå mellomalderballader, tyrkiskinspirerte danselåtar frå Balkan, og vokaltradisjon frå sigøynerfolket sitt opphav i Rajasthan, alt spelt med sjeldan sjarm og intensitet.

Gheorghe Falcaru fløyte
Anghel Gheorghe fele
Robert Gheorghe violon
Constantin Lautaru vokal, fele
Marin Manole trekkspel
Florea Neagu trekkspel
Gigel Neagu kontrabass
Ion Tanase cimbalom