Tango Azul | Argentina

Argentinsk tangolidenskap

I jubileumsåret tjuvstartar festivalen allereie onsdag i festivalveka. Den store tangoframsyninga Tango Azul kjem til Førde med heile seks dansarar, ein songar og fem musikarar på scena. Dei fortel historia om tre par som møtest på ein milonga, eller tangobar, i Buenos Aires. Her mimrar dei over eit liv med dansen som lidenskap, og minna stig fram som scener i framsyninga.

Tangoen fortel alltid historier om lidenskap, men ofte også om liding. Desperate kjensler kjem sterkt til uttrykk, ikkje berre gjennom dansen, men også gjennom songen til vokalist Patricia Nora. Ho vert elegant akkompagnert av ein kvintett leia av den vidgjetne bandoneon-meisteren Luciano Jungman, og med gitar, piano, fiolin og bass – lyden av original, argenstinsk tango altså!

På scena står tre par, Pablo Ojeda og Beatriz Romero, Daniel og LorenaFerro og Jorge Ramirez og Nelida Miglione. Tenk å kunne danse som dei!  Kanskje kan du kome eit lite stykke på veg om du kastar deg ut i det, og melder deg på kurs under festivalen med desse fantasiske dansarane?