Talent 2014

Ungt samspel for framtida

Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

I 2014 har prosjektet 20-årsjubileum, noko festivalen markerer ved å invitere fleire tidlegare talent-utøvarar til å medverke på Talent 2014-jubileumskonserten laurdag 5. juli.

Deltakarane i det 20. talentprosjektet kjem frå Venezuela, Peru og Norge, og dei møtest til ein vekelang verkstad, som startar søndag 29. juni i Førde.

Talent 2014-deltakarane kjem frå Venezuela,Peru og Norge:

Frå Venezuela kjem fire unge musikarar som sidan 2012 har kalla seg Ensamble Sincronía: Salvador Hernández (fiolin), José Santeliz (mandolin), Félix Farfán (venezuelan cuatro) og Vicente Santeliz (kontrabass).

Deltakarane frå Peru er Jonathan Alexis Mendoza Sanchez(gitar), Felix Alberto Audante Donayre(perkusjon), Peruana Hector(perkusjon) og Claudia Elisabeth CandelaSanches (vokal).

Norske deltakarar er Sjur Hovden Borge frå Gol, SinaMyhr frå Torpo og Andris Hemsingfrå Valdres.

Inviterte deltakarar og leiarar frå tidlegare år deltek på talentkonserten:

Tone Hulbækmo, Hans Fredrik Jacobsen, Gjermund og Einar Olav Larsen, Tellef Kvifte, Daniel Lazar, Steinar Ofsdal, Sanskriti Shrestha.

Kunstnarlege leiarar for Talent 2014:

AndreasSkeie Ljones, folkemusikarog kreativ kulturentreprenør frå Lillehammer med mange jarn i elden. I dag driv han dansekompaniet Villniss saman med Silje Onstad Hålien, og Vicomte, eit selskap i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Andreas var den første som tok diplomeksamen i hardingfele på Musikkhøgskulen. Han spelar i Majorstuen.

Sverre Indris Joner, er pianist,komponist, arrangør, orkesterleiar m.m. med formelle musikkstudiar fråUniversitetet i Oslo og tallause reiser og studioopphald i Latin-Amerika. Han er som eit unikum å rekne når det gjeld latinamerikansk musikk og har stifta ei rekkje orkester og band: Hovedøen Social Club, Electrocutango, La Descarga,Tango for 3, m.fl.