String Sisters | UK, US, Irland, Norge

Felefyrverkeri av det sjeldne slaget

String Sisters oppstod i 1998 då eit knippe av leiande kvinnelege felespelarar til stormande jubel spelte på rootsfestivalen Celtic Connections i Skottland. Totalt overvelda over mottakinga, rydda dei plass i solokarrierar og kalenderar, og fekk plass til turnéar og plateinnspeling (Folkelarmprisen 2007).

Sidan har String Sisters vore eit band som dukkar opp med jamne og ujamne mellomrom, når travle karrierar måtte tillate det. Og kryss i taket, no har vi klart å samle dei igjen, og ser fram til å oppleve dette forrykande møtet mellom seks kvinnelege solistar og deira folkemusikktradisjonar. Med stor speleglede vert det miksa og blanda, slik at både slektskap og ulikskap i musikken kjem fram. I bakre rekke vert dei backa opp av fire usedvanleg dyktige mannlege musikarkollegaer, og saman leverer dei feleshow utan sidestykke.

Ein konsert med String Sisters er eit møte med det beste frå irsk, shetlandsk og skandinavisk folkemusikk, med alt frå nære soloparti til gneistrande samspel. Vår eiga Annbjørg Lien har signert fleire av låtane, og gjennom nydelege balladar, viser nokre av felespelarane at dei også er framifrå songarar.

Og årets tingingsverk til Førdefestivalen er signert nettopp Annbjørg Lien, skrive for String Sisters-besetninga. Dette er bankers, folkens! String Sisters på Festplassen laurdag ettermiddag blir eitt av høgdepunkta på den 25. Førdefestivalen.

«Tonen i fela rommer kraft, mystikk og et fantastisk følelsesregister. Sammen og hver for seg i solopartier og gnistrende samspill skaper de så vel feststemning og dansemoro som øyeblikksrom av skjør ettertenksomhet.» (Aftenposten)

Annbjørg Lien, Liz Carrol, Liz Doherty, Liz Knowles,
Catriona Macdonald, Mairéad Ni Mhaonaigh alle fele
James Mackintosh perkusjon
David Milligan piano
Tore Bruvoll gitar
Conrad Ivitsky bass