Storm Weather Shanty Choir

“Å vokt dig vel, de kan så lett forføre dig!»

Sjømann Håkon Vatle segla i mange år dei sju hav med den stolte skuta Statsraad Lemkuhl. Då han tok land heime på Stord for vel tolv år sidan var kista full av shantiar frå alle verdshjørne. Vel heimkomen skreiv han ikkje berre ei masteroppgåve om den globale tradisjonen med sjømannssongar. Han samla saman det som kunne sjå ut som ein gjeng med langhåra, lokale rockarar, men som viste seg å vere habile sjømanns-songarar med godt gehør og store stemmer. Dermed var Storm Weather Shanty Choir sjøsett, sidan har dei hatt vinden i ryggen og stadig fleire tilhengarar ventande i hamnene kring om.

I 2014, fire kritikarroste album, og snart 300 konsertar seinare kjem dei ramsalte shantiane tilbake til Førdefestivalen. Og med elva Jølstra i stri straum mot fjorden og havet i sikte vil nok karane i koret kjenne kjenne seg heime og i sitt rette element på det flotte torget framfor det nye rådhuset i Førde.

Maksimalt maskulin og rå fleirstemt song, likevel så varm og mjuk somme tider, at vi anar dei ekstreme ytterkantane i sjømannslivet; frå sprudlande eventyrlyst til den såraste heimlengt. Og anna lengt! Med ein suggerande, drivande groove skjønar vi også korleis musikken kunne hjelpe sjøfolka å greie dei tunge taka, seglet skulle til topps i masta, rytmen i shantiane var heilt nødvendig i arbeidslaget om bord.

Seks stolte shantiar, sju store hav: Ikkje rart kapteinar frå farne tider helsar i ein av songane: Å vokt dig vel, de kan så lett forføre dig!

Håkon Vatle
Roald Kaldestad

Rune Nesse
Vidar Vedå Gisle
Østrem Ronny Sætre

www.shantychoir.com