Soneros de Verdad | Cuba

Cubansk son for sjela

Truskap mot tradisjonell cubansk son var vilkåret når Luis Frank Arias (Buena Vista Social Club, Orquesta Revé, Compay Segundo y sus Muchachos, Afro Cuban All Stars), og legendariske Pio Leyva starta Soneros de Verdad. Dei to musikarane var begge med på den eventyrlege Buena Vista Social Club-suksessen, som gjorde cubansk musikk til allemannseige.

Soneros de Verdad kallar seg «andre generasjons Buena Vista Social Club», og vartar opp med ei heil rekkje av dei cubanske klassikarane, godt miksa med sine eigne komposisjonar. Saman med seg som vokalist, har Luis Frank henta Mayito Rivera, som i 20 år var med i legendariske Los Van Van.

Når det gjeld framføring, er det den tradisjonelle stilen som gjeld. Fantastiske vokalprestasjonar i klassisk innpakning, altså, og du kor det svingar av cubansk son! Her er det berre å finne fram danseskoa og finne seg ein plass på det store dansegolvet i Festivalsalen.

Gratis salsa-lynkurs! Laurdag kveld, før Soneros de Verdad slepper til på festivalnatta, kan du friske opp salsapulsen med Waldo Norstad og Astrid Stenhaug.

Luis Frank Arias vokal
Mayito Rivera vokal
Lázaro Dilout trompet, vokal
Nicolás Sirgado bass, vokal
Sergio Veranes cubansk tres
Vivo Barrera perkusjon, vokal
Fabián Sirgado perkusjon, vokal