Le Trio Joubran

Gjensyn med lidenskaplege oud-virtuosar

Dei tre brørne i Le Trio Joubran kjem frå det vi trygt kan kalle ein oud-familie. Her har det vore bygd og spelt oud i fire generasjonar: Oldefar, bestefar, far, og no Samir, Wissam og Adnan har alle gjort dette flotte instrumentet til sin lidenskap, handverk og liv.

Samir er eldst, og har spelt oud sidan han var fem. Han var alt etablert som ein nyskapande oud-solist med internasjonal karriere før brørne hans følgde etter. Først ti år yngre Wissam og deretter Adnan, som prøvde seg på fiolin og perkusjon før dei fann ut at var oud som gjaldt, også for dei. Le Trio Joubran vart etablert i 2004. I år feirar dei ti år – og ein eventyrleg internasjonal suksess.

Som brør har dei ein indre timing og presisjon dei fleste kan drøyme om. Dei har stor teknisk briljans, men er også fulle av kjensler. Som palestinarar har dei, i følgje dei sjølve, to kampar å kjempe: Den første er for den musikalske karrieren sin, den andre for fred i Palestina og slutt på okkupasjonen.

Le Trio Joubran vart ein publikumsyndling då dei spelte på Førdefestivalen i 2005. Vi ser fram til å ønske dei velkomen på scena i Førde igjen!

I 2013 vart Le Trio Joubran tildelt The Arab Thought Foundation den høgthengande prisen «Arab Artistic Creativity».

Samir Joubran, Wissam Joubran, Adnan Joubran oud
Yousef Hbeitsch perkusjon