Kong Nor | Norge

Kong Nor - markering av grunnlovsjubileet Foto Ingvil Skeie Ljones

Kong Nor - markering av grunnlovsjubileet Foto Ingvil Skeie Ljones

Ei dansande folkemusikkframsyning

”Danse fritt i storm og stille
Stødig svive med moder jord
Vera varm i det varige ville
Konstitusjonen er meir enn ord”

Eldgrim Springgard

Kong Nor er ein folkemusikalsk hyllest til Grunnlovsjubileet. Nyproduksjonen byggjer på myten om segnkongen Nor som samla det norske rike. Den nesten bortgløymde historia vert vekt til liv og kledd i ny drakt gjennom musikk, dans og forteljing.

Myten fortel om korleis Nor samla område sør, nor, aust og vest for Dovre til sitt rike. Det hende den medan kong Svade var konge i Dovrefjell, og den mektige kong Froste eineherskar over Kveneland. Nor og broren Gor, søner av Torre, soneson til kong Froste, la i veg på ei lang reise for å finne att systera si, Goe som brått hadde blitt borte. Gor fór med skip sørover gjennom Østersjøen. Han skulle leite utskjærs og på alle øyar. Nor reiste innover og mot vest over Kjølen. Han skulle leite gjennom landet. Over alt kvar dei for kom dei i kamp og la under seg nytt land. Til slutt rådde dei over kvar sin del av landet. Men systera var og blei borte....

Dette er ei dansande folkemusikkframsyning i skjeringspunktet mellom musikkteater, dans og konsert. Premieren er 10. mai på Riksscenen i Oslo. Kong Nor vil turnere over store delar av landet gjennom jubileumsåret.

Dei medverkande er:

Unni Boksasp song, dans og forteljing
Hæge Manheim dans, sons og forteljing
Silje Onstad Hålien dans, song og forteljing
Jon Anders Halvorsen song, dans og forteljing
Torkjell Lunde Børsheim dans, song og forteljing
Øyvind Sandum dans, song, forteljing, trekkspel og toradar
Anders Røine langeleik, gitar, munnharpe, oktavfele og song
Daniel Sandén-Warg  fele, hardingfele, oktavfele, munnharpe, strykeharpe, moraharpe og song.

Manus: Eldgrim Springgard
Regi: Leif Stinnerbom
Koreografi: Sigurd Johan Heide

Kostyme: Inger Hallström Stinnerbom
Lysdesign: Sture Moslåtten

Lyd: Fridtjof Lindemann/Tor Magne Hallibakken
Produsent: Gro Marie Svidal

Framsyninga er produsert i samarbeid mellom Førdefestivalen, Riksscenen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt.

Kong Nor er støtta av: Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, FFUK, Fritt Ord og Rådet for folkemusikk og folkedans