King Ayisoba & band | Ghana

Moderne kologorytmar frå Ghana

King Ayisoba har fornya musikk tradisjonen kologo frå nord-aust i Ghana, og skapt ny interesse for denne super-rytmiske musikken både i heimlandet og utanfor landegrensene. Dette er musikk som tradisjonelt har vore å høyre på dei lokale barane, i bryllaup og gravferd, på festivalar og elles der folk samlast.Takka vere mellom anna King Ayisoba er dette ikkje berre musikk frå den gong då, men også musikk som vil gå inn i framtida.

Kologo er også namnet på den tradisjonelle gitaren Ayisoba spelar på. Den er bygd på ein kalabas, og er eit slags alti-i-eitt instrument med klang, melodi og rytme. Dorgo er ei fløyte som vart brukt for å etterape lammebreking. Den skulle samle jegerane til jakt. Guluku er ei lokal tromme frå områda i nord.

King Ayisoba syng på frafra, twi og engelsk. Han har for lengst oppnådd stjernestatus i Ghana, og vert i dag invitert til store internasjonale festivalar bandet sitt som omfattar både musikarar og dansarar. Til Førde kjem dei rett frå Roskildefestivalen i Danmark for å vere festivalen si jubileumsgåve til eit trufast publikum. GRATISkonserten med King Ayisoba skjer på Torgscena ved Førde Torg, så her er små og store velkomne til nyte ein type vestafrikanske rytmar som aldri før har vore spelt i Førde. Det er dansbart og vel så det!

AporeeAlbert Ayisoba
Abaadongo Adontanga
Aboba Azure
Dagati Maxwell
Asaana Mba
Ayuune Sulley