JPP | Finland

Finske folkemusikklegender

Namnet JPP, Järvelä pikkupelimannit, tyder «dei små folkemusikarane frå Järvelä», men dei er langt ifrå små! Sidan dei var eit ungt juniorspelemannslag for 30 år sidan, har JPP oppnådd legendestatus som musikarar, både i og utanfor Finland.

Folkemusikkfamilien Järvelä frå Järvelä i Kaustinen er utgangspunktet for musikkeventyret som starta i 1982. Med folkemusikk-boomen på 80-talet var mykje gjort når unge finnar gjekk laus på lokale og nasjonale folkemusikktradisjonar med nye og spenstige arrangement. JPP vart fast innslag på Kaustinenfestivalen, og det viste seg snart at musikken deira hadde appell langt utover landegrensene.Ekte musikkglede og meisterlege utøvarar har gjort JPP til den internasjonale suksessen dei er i dag: Eit solid varemerke for finsk folkemusikk på sitt aller beste.

Musikarane i JPP er blant dei førande i Finland, og involverte i andre kjende grupper i tillegg til å ha sine eigne solokarrierar. I 1990 stod JPP på scena under den aller første Førdefestivalen. Etter 25 år, 9 plater og tallause JPP-konsertar over heile verda, er det på høg tid å ønskje dei velkomne tilbake. Dette blir ekte gjensynsglede!

Esko Järvelä - fele
Antti Järvelä - fele
Matti Mäkelä - fele
Tommi Pyykönen - fele
Timo Alakotila - harmonium
Timo Myllykangas - bass

www.thejpp.fi