Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum | Norge

Tradisjonsmusikken – ei gåve!

Ein nær gløymt musikktradisjon får nytt liv når felespelar Jorun Marie Kvernberg og hennar trekkspel-kompanjong Øyvind Sandum spelar gamle slåttar frå Midsund!

-Som folkemusikkstudent i Oslo i 2003 vart eg for første gong kjent med Ole Blø sitt felespel gjennom ein kassett frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal» fortel Jorun Marie Kvernberg. -Det eg høyrde der skilde seg drastisk frå det eg frå før trudde var lyden av slåttar frå Romsdal. Dei sindige og klangfulle bogestrøka som bestefar (spelemannen Peter L. Rypdal frå Tresfjord) hadde stod i kontrast til dette muntre og luftige spelet som Ole Blø trylla fram, fortel ho vidare. Kvernberg tok kontakt med Ole Blø og var dei neste sju åra fleire gonger på besøk hjå spelemannen. Ho fekk lære tonar, trillar og strøk - og ikkje minst historiene rundt musikken.

-Ole var ein raus person som villig lærte vidare denne tradisjonen til meg. Eg trur det vart som ei gjensidig gåve: Han gav meg musikken og kunnskapen, eg lovde å føre det vidare! Jorun Marie Kvernberg er ein travel musikar som sjonglerar mellom moderne, arrangert folkemusikk i band som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble og på den andre sida dei lokale og tradisjonelle uttrykka gjennom sine solokonsertar. -Denne variasjonen er heilt avgjerande for meg. Dei utfyller kvarandre og gir kvarandre næring. Kreativiteten min får spelast ut i dei ulike banda mine kor rammene er friare, medan eg i soloprosjekta får eit solid fagleg fundament, får reindyrke eit tradisjonelt spel og ikkje minst kan legge vekt på musikk frå heimedistriktet mitt, forklarer Jorun Marie.

Trekkspelmakkeren Øyvind Sandum (1982) er heller ingen nykomar. Han er fleire gonger norgesmeister, og i haust er han plateaktuell både med visefolk-gruppa Sol i Skuggeskog og med duoplate med broren Hans Sandum. Gudbrandsdølen har ikkje minst markert seg i ei årrekkje gjennom gamaldansbandet Nordafjells.

www.jorunkvernberg.com