Hanne Bergliot Oftedal | Norge

Historieforteljing for store og små

Hanne Bergliot Oftedal er vaksen opp i Osloområdet, men har budd i Gloppen, Sogn og Fjordane dei siste 25 åra. Ho har arbeidd som musikkterapeut med dei fleste aldersgrupper, som høgskulelærar på musikkterapiutdanninga på Sandane, kulturarbeidar og leiar i kulturlivet. Forteljing og eventyr har i alle år hatt ein sentral plass i arbeidet hennar, både som musikkterapeut, høgskulelærar, kurshaldar, rettleiar og som utøvar i ”Den kulturelle skulesekken”.

For nokre år sidan tok ho også forteljarutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus. I dag har ho bygd opp ei rekkje framsyningar for born, unge og eldre som ho nyttar i bibliotek, på skular, institusjonar o.a. Ho fortel eventyr frå mange land, eg-forteljingar, rim og regler og bruker også song og musikk som del av framsyningane sine.

Hanne Bergliot Oftedal skal fortelje historier, rim og regler på arrangementa «Morgonstund har gull i munn», onsdag, torsdag og fredag på festivalen. Og søndag på familiedagen møter du ho også!