Ferro Gaita | Kapp Verde

Vibrerande rytmar for dansegolvet

Når det gjeld musikk, er idylliske Kapp Verde mest kjend for berrføttdivaen Césaria Évora (1941-2011), men øya har også unge band som har skapt seg ein internasjonal karriere. Ferro Gaita er eitt av dei. Sidan starten i 1996 har dei erobra store deler av verda med sine eggande rytmar og glade festmusikk. Namnet Ferro Gaita kjem av namnet på dei to berande instrumenta i gruppa; jarnstanga, ferro, som blir spelt på med kniv, og trekkspelet, gaita. Gaita er mykje brukt i musikktradisjonen funaná, som Ferro Gaita byggjer mykje av sitt repertoar på.

Trekkspelet kom til Kapp Verde på 1900-talet med portugisiske prestar, og vart brukt i kyrkjene. Etter kvart vart gaita ein del av dei svarte og deira etterkomarar sin musikk, som akkompagnement til deira tekstar om problem og vanskelege kår. Dette resulterte i at gaita vart forbode på offentlege plassar – heilt fram til frigjeringa av øya i 1975.

Dei tre unge musikarane som etablerte Ferro Gaita i 1996 har vore med på å revitalisere tradisjonsmusikken på Kapp Verde. I dag tel dei sju mann i bandet, og der Cesaria Evora forførte publikum med sin kappverdiske blues, fyller Ferro Gaita dansegolvet med vibrerande funanámusikk, inspirert av brasilianske og afrikanske rytmar.

www.ferrogaita.cv 

Esteväo Tavares (Iduino) trekkspel, vokal
Mario Mendonça (Betinho) bassgitar
Luis da Veiga (Lobo) trommer
Frutuoso de Pina (Pitó) perkusjon, vokal
Carlos Lopes (Bino Branco) ferrino, vokal
Emanuel Tavares (Manel di Tilina) congas, vokal
José Varela (Carlitos) trombone, perkusjon, vokal