Fargespill – Norge / Verda

Fargar og energi med Fargespill! Foto Thor Brødreskift

Fargar og energi med Fargespill! Foto Thor Brødreskift

Magisk mangfald med 80 born og unge frå 30 land

Prosjektet Fargespill søkjer ei emosjonell og djupt rotfesta oppleving av at vi vandrar saman på denne vesle kula i det store rommet, og at vi må gjere det beste ut av det. I musikk og dans ser vi det tydeleg; kor klart det er at vi er like og kor rikt det er at vi er ulike.

–Dette er eit kunstprosjekt, understrekar Ole Hamre, som er kunstnarleg leiar i Fargespill saman med Sissel Saue. -Det er ikkje eit sosialt prosjekt, held han fram. Eit sosialt prosjekt ville spørje: Kva manglar du? Vi spør: Kva har du? Vår filosofi er eintydig ressursorientert. Sjølv om mange barn har mista mykje når dei kjem til landet vårt, har dei med seg kulturen og tradisjonane sine. Vi vil høyre songane deira, sjå dansen.Når så mange ulike kulturar møtest oppstår det friksjon. Friksjon skaper energi. Denne energien vert ofte brukt negativt. Vi vil vise potensialet i å bruke den positivt, forklarer Ole Hamre.

I 25 år har Førdefestivalen henta artistar frå alle verdas land og kulturar til Førde ut frå den same ressursorienterte filosofien. Kulturmøte har skapt friksjon og energi, positiv og skapande energi. I høve grunnlovsjubileet ønskjer festivalen å markere den fleirkulturelle nasjonen Norge, og har invitert Fargespill til Førde med framsyninga FARGEFEST – utvida med innslag frå den nyaste framsyninga deira, «Ja, vi elsker», som blir vist på Den Norske Opera og Ballett si hovudscene sjølvaste 17. mai.

Fargefest i Førde!

Grunnlov og mangfald - vi feirar framtida!

Etiopisk skulderdans møter norsk gangar. Fallturillturalltura møter habibi habibi og klappeleiker frå heile verda vert samla i eit einaste stort polyfonisk fellesskapsmantra. Bodskapen til oss alle er enkel, men tankevekkande: Kultur vert skapt i møte. Ein livskraftig og konstruktiv kultur vert skapt av gode møte. Di fleire slike møte vi kan skape i Norge, di meir livskraftig vert kulturen vår, og di fleire menneske kan stemme i av heile sitt hjarte: JA, VI ELSKAR DETTE LANDET!

www.fargespill.no

Sagt om

«Fargespillet gnistrer så en ellers kresen kritiker jubler uten forbehold, for hver og en solist, og hva de har fått til i felleskap » skreiv Ida Habbestad i Aftenposten

«Like altbeseirende hver gang» (Jan Landro, Bergens Tidende)

«De 1509 plassene i Grieghallen var ikke nok for å gi plass til alle som ønsket å se de dyktige barna som kombinerer sang, dans, musikk og en imponerende energi for å nærmest blåse publikum av banen med sitt show»  (Anne Huso, Bergensavisen)