Earlybird Stringband | Norge

Utsøkt, kreativ og tett bluegras!

Om du på noko vis har sansen for lyden av banjo, fele og andre strengeinstrument i ein lekker saus av fleistemd song, må du få med deg desse gåverike musikarane. Bandet utmerkar seg ved å trekke norsk folkemusikk inn i sin amerikanske grunnsjanger; mange i bandet er svært kyndige utøvarar i norske tradisjonar.

Earlybird Stringband sine fremste kjenneteikn er ein framifrå, sterk vokal, glimrande instrumentalistar, overraskande og originale låtar og drivande framføringar. Dette har med rette gjeve dei status som publikumsyndlingar, og bandet har også fått mykje åtgaum i pressa. Earlybird Stringband har tre plateutgjevingar og to spellemannominasjonar på rullebladet.

Det mangeårige turnélivet land og strand rundt, fekk sin topp då dei hausten 2013 var på USA-turné. Konsertar frå Boston i nord til Raleigh på austkysten i sør, innkasserte ein klar suksess som norsk eksportvare til bluegrassen sitt heimland.

www.earlybirdstringband.com

Hans Martin Austestad banjoar, gitar, vokal
Olav Christer Rossebø mandolin, fele, vokal
Erlend Viken – feler, vokal
Christian Skaugen – dobro, vokal
Aksel Jensen – kontrabass, vokal

”Det låter nært, autentisk og med smittebærende spilleglede”  VG

"De seks karene oser av fartsfylt spilleglede…"
Dagens Næringsliv

”…medlemmene kunne like gjerne vokst opp på landet i amerikanske Kentucky”
Dagbladet

“Vakre harmonier, eminent samspill og melodier som spiller opp til fartslek og innbyr til refleksjon…”
Aftenposten

"Smakfullt, variert og strålende! Dette er bluegrass av høy klasse og i mine ører er de Norges beste." 
Tromsø By