Draumelaget - Sogn og Fjordane

Arven frå eigne tradisjonar

I eit år då festivalen feirar 25-årsjubileum og markerer folkemusikken som eit globalt språk med identitet og røter, realiserer vi draumen om å samle dei aller fremste folkemusikarane frå eige fylke til ein konsertproduksjon.

Draumelaget Sogn og Fjordane er konserten der du får oppleve eit stjernelag frå Sogn og Fjordane på ei og same scene. Konserten byr på folkemusikktradisjonane frå alle deler av Sogn og Fjordane. Slåttane og historiene som knyter seg til musikken og musikarane, alt høyrer med i arven desse leiande utøvarane fører vidare til neste generasjon. –Konserten er også ein måte for Førdefestivalen å hylle våre lokale folkemusikkutøvarar for den fantastiske jobben dei gjer når det gjeld å ta vare på kulturskattane våre. Vi er dei stor takk skuldig, seier Hilde Bjørkum.

Medverkande: Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, John Oddvar Kandal, Arne M. Sølvberg, Linda Gytri, Elin Grytting, Synnøve Bjørset, Erlend Apneseth, Gro Marie Svidal, Sigmund Eikås, Judith Vestreim, Tom Karlsrud, Håkon Høgemo, Karl Seglem, Gamlebanken spelemannslag og dansarane Arild og Solbjørg Herstad, Mari Andrea Ness og Atle Hoff, Inger Furevik og Bjørnar Slåtten.

Regi: Ingvill Skjold Torkildsen
Musikalsk produsent: Arngunn Timenes Bell