Astrid Sulheim og Ola Grøsland | Norge

Astrid Sulheim Foto Knut Utler

Astrid Sulheim Foto Knut Utler

Slåttar og historier frå Gudbrandsdalen

Folkemusikken vår har gått i arv gjennom mange generasjonar, og det er mange historier som skjuler seg bak ein slått. Desse er det ikkje alltid du får høyre. Historiene kring slåttemusikken er ei skattekiste for den gode forteljaren, og ein slik forteljar er Ola Grøsland frå Vågå. Han kjem til Førdefestivalen saman med Astrid Sulheim, den mestvinnande kvinna i A-klassen for flatfele på landskappleiken. Saman tek dei oss med inn i den rike gudbrandsdalstradisjonen.

–Vi vil tilbake til den aller eldste slåttetradisjonen, fortel Astrid Sulheim, som har lært leikane på gamlemåten av bl.a. Rolv Brimi, Knut Kjøk og Amund Bjørgen. Det vil bli både friske springleikar som får det til å rykkje i dansefoten og meir inderlege slåttar der du kan late att augo og drøyme deg bort. Til kvar slått Astrid spelar, har Ola mykje å fortelje. Han kan det meste om tradisjonen og er eit oppkomme av historier. Kanskje tek han ein trall og?

Astrid Sulheim - fele
Ola Grøsland - forteljar