Ana Moura | Portugal

Vi elskar fado!

Ana Moura har ikkje berre sunge seg inn i hjarta hos fadoelskarar i heimlandet. Etter ein magisk konsert på Førdefestivalen i 2011, har ho ein heilt spesiell plass hos publikummet vårt. Ana Moura var ein klar favoritt når vi i samband med 25-årsjubileet spurde folket om kven dei aller helst ville høyre i Førde igjen.

Ana Moura har vakse opp i ein syngande familie der familiesamkomer som regel enda i «song-konkurransar». I tenåra song ho i eit coverband. Ein og annan fado var på repertoaret, men Ana Moura var på full fart inn i rocken då lagnaden ville det annleis. Ein tilfeldig kveld på ei kneipe vart ho lokka til å synge fado. Blant publikum var gitaristen António Parreira, som straks forstod at denne stemma var noko spesielt. Via han vart Ana Moura invitert til å synge på fleire fadohus. Ho møtte dei rette folka i bransjen, og tok det eine karrieresteget etter det andre.

Ei eineståande, mjuk og sensuell stemme er Ana Moura sitt fremste varemerke. Same kva ho syng, blir det fado. Det er lengt og kjærleik. Portugal sin blues – og fado for Ana Moura sin generasjon. Og vakkert. Framfor alt er det vakkert!

Ana Moura har hatt konsertar med Rolling Stones og Prince. Ho debuterte på plate i 2003, og fekk eit større gjennombrot med albumet «Aconteceu» i 2005. To år seinare kom «Para Além da Saudade», som låg 120 veker på Topp 30 i Portugal. Hennar foreløpig siste plate heiter «Desfado».

FADO står på UNESCO si verdsarvliste over kulturelle og tradisjonelle kunstformer som mellom anna tango og kinesisk papirklipping.

www.anamoura.com.pt