Førdehuset

Om


Førdehuset er Førdefestivalen sitt hjarte. Her ligg billettkontoret (i kjellaretasjen) og fleire konsertsalar av ulike storleikar.

Idrettshallen
Festivalen si storstove med 2000 sitjeplassar. Idrettshallen er arena for dei største konsertproduksjonane: Opningskonsert (torsdag) og gallakonsert (laurdag), ein stor konsert fredag kveld og ein på dagtid søndag. Nummererte sete på golvplan i deler av salen.

Storsalen
Den store kinosalen er ein flott konsertsal med 430 sitjeplassar i amfi og 110 på galleri.

Festsalen
Konsertsal med 180 sitjeplassar i konsertoppsett, og 100 i kaféoppsett. Festsalen har parkettgolv, og vert brukt både til konsertar og dansearrangement under festivalen. 

Teatersalen
Intim konsertsal med 150 sitjeplassar i amfi. 1. etasje.

Utstillingssalen
Intim sal som vert innreia til internasjonal bokkafé under festivalen. Møt-artisten-sesjonar og liknande arrangement.  50 sitjeplassar. 1. etasje.

Kunstsalen
Intim sal som vert brukt til debattar, foredrag og mindre arrangement. 30-50 sitjeplassar. 2. etasje.

Kart

 

Førdehuset
Angedalsvegen 5

Postboks 338
6802 Førde

E-post: kultur@forde.kommune.no
Telefon: 57 72 19 00
Mobil : 97 12 14 00