Tjuvstart for unge talent

 

Tekst og foto: Marianne Lystrup - ml@skriveliv.no

Dei trampar framand takt så krampa tek dei, tre unge, norske folkemusikarar. Snart skal dei møte seks musikarar frå Cuba og Colombia.

I eit grupperom på Musikkhøgskolen i Oslo tjuvstartar dei på årets Førdefestival. Sverre Indris Joner som saman med Hilde Fjerdingøy leiar prosjektet i år, meinte det ville vera godt for dei unge talenta å øva seg litt på førehand, før dei skal spela saman med dei utanlandske.

Helga i mai

Så denne helga i mai har Astrid Garmo (fele, hardingfele, vokal og gitar), Rasmus Kjorstad (fele) og Emil Horstad (trekkspel mm) bura seg inne og øvd på å setja firedelar, tredelar og åttedelar saman på nye måtar. Dei karibiske rytmene krev sitt og dei innrømmer at dei ikkje har mykje kjennskap til den slags musikk frå før.

– Har de ikkje eingong gått på salsakurs?

Gjengen flirar nektande, men er viljug med på leiken når Joner tel dei opp til ein versjon av Bæ bæ lille lam med karibisk snert.

Bæ bæ

– Det er bra å ta utgangspunkt i noko som er kjent, i staden for å øve inn noko heilt nytt. Det er den same pedagogiske vrien vi gjør med gruppa Hovedøen Social Club, som eg starta for nokre år sidan. Der spelar vi gode, gamle norske slagarar som om dei var karibiske. Veldig kjekt, seier Sverre Indris Joner.

Han forklarar at det dei gjer med det vesle lammet, er å flytte melodien ein åttedel fram, slik at heile songen blir synkopert. Andre triks han brukar for å få karibisk sjøsprøyt inn i blodet på dei norske ungdomane, er det velkjende party-trikset med å la eine handa stryke opp og ned over brystkassa medan den andre klappar på same staden, og deretter bytta om. Eg ser på medan dei øver seg. Det er slett ikkje lett, og det blir mykje latter og bal.

Emil Horstad, Rasmus Kjorstad og Astrid Garmo på krasj-kurs i latinomusikk med Sverre Indris Joner.

Emil Horstad, Rasmus Kjorstad og Astrid Garmo på krasj-kurs i latinomusikk med Sverre Indris Joner.

Drøymer

Store congas får dei òg testa, men måten dei klaskar på trommeskinnet på er ikkje nett eggande, så det er nok bra at dette mest er for å få litt innsikt i korleis dei gjestande musikarane opererer. Sjølve skal dei halda seg til sine eigne instrument.

– Kva drøymer de om å oppnå gjennom dette prosjektet?

– Nett det har eg ikkje tenkt så mykje på, men det å få prøva seg i nye sjangrar utvidar horisonten, og det trur eg blir interessant, seier Emil Horstad.

– Eg gler meg til å bli kjend med folka som kjem, seier Rasmus Kjorstad.

Astrid Garmo hadde ikkje høyrt om dette prosjektet før ho vart spurd om å vera med, men ho såg med ein gong at her var det spennande høve til å bli kjent med både nye folk og nye musikkstilar.

Hardare nøtt

– Kva trur du – kan desse ungdommane få til noko fint saman med gjestene, Sverre Indris Joner?

– Ja, eg er glad for å få vera fødselshjelpar for dette prosjektet.

– Men det slår meg at du har ein lettare match som kjem med det karibiske lynnet, enn om det var arabisk eller indisk musikk du skulle blanda med norsk folkemusikk?

– Tja, eg har ikkje røynsle med det, men sett frå utsida verkar det som ei hardare nøtt å knekke. Pluss at i dei kulturane må dei også ta omsyn til masse sosiale og religiøse reglar. Ein veldig mannssjåvinistisk kultur kan nok vera ein prøvelse å jobba med, når ein skal ha med unge jenter. Musikalsk veit eg ikkje. Rytmisk er det kan hende kortare veg, men så har du til gjengjeld skalaer og måtar å intonere på som er ei anna nøtt å knekke. Ikkje minst når det gjeld klassisk indisk musikk – han er ekstremt full av køyrereglar.

_DSC6417 himmelvendt.jpg

Vil ikkje ha gjennomsnittleg saus

Joner meiner at størstedelen av musikken i verda har noko syklisk ved seg som gjer at det er mogleg å kombinera han med andre stilartar. Det vanskelegaste er kanskje musikken på Balkan på grunn av at taktslaga ikkje er like lange. Det enklaste er musikk som har eit klart, rytmisk driv i to- eller tretakt.

Det er fint hvis det er dansbart. Men uansett kva ein freistar å smelte saman, må det vera eit mål å koma fram til noko som er nytt og felles, så det ikkje berre blir tre satelittar som susar rundt utan kontakt med einannan.

Slikt er det det nok av, meiner han. Den andre fallgruva med slik fusjonsprosjekt, er slikt som let som ein gjennomsnittleg saus som kunne vore frå kor som helst. Når minste felles multiplum blir så lite at det ikkje blir noko pregnant att frå nokon av kulturane, kan ein like gjerne late det vera.

Dei må strekkje seg

– Å gå for minste motstands veg. Det likar i alle fall ikkje eg. Ein må strekkje seg litt. Og så lenge musikarane gjer det, så lenge dei prøvar og prøvar, og ikkje blir sure og vonbrotne, er det verdt innsatsen. Men eg pressar dei nok litt utanfor komfortsona deira… smilar han og let dei gyve laus på neste oppgåve.


 
Torill Faleide