Paulo Flores vil påverke komande generasjonar

Paulo Flores: – Det er berre med kunnskap om fortida vi kan klare å endre framtida. 

Paulo Flores er ein av dei fremste songarane og komponistane i Angola i dag. Han har 15 plater bak seg, og i desse dagar har han lagt siste hand på plata “País que Nasceu Meu Pai”, for å lansere den i USA. Plata kom ut i 2013, og målet med den er å engasjere dei unge ved å hylle dei gamle.

Under ei øving for eit par år sidan opplevde Paulo Flores noko som fekk han til å stusse. Han tok til å synge på ein kjend song, og men vart forbausa då det viste seg at ingen av koristane hadde høyrd den. For Flores var dette nok eit eksempel på at minnet til folk er i ferd med å svikte.

- Vi misser stadig fleire referansar. Ingen kjenner til dei gamle poetane. Forfattarane les ikkje, komponistane speler ikkje og songtekstane består av ei setning. Dei unge er svoltne på kunnskap og vil lære alt. Men dei kjenner stadig dårlegare til si eiga historie.

Den erfarne musikaren er fødd i 1972, tre år før heimlandet hans vart sjølvstendig frå kolonimakta Portugal. Kort tid etter frigjeringa starta ein blodig borgarkrig som skulle vare heilt fram til 2002. No vil Paulo Flores hylle dei som har kjempa kampen for fridom og fred.

- Eg ynskjer å fortelje far min sin generasjon at dei er eit førebilete for oss. Nasjonens fedrar har kjempa, men no er det som om vi er blitt makteslause til å fortsette.

Flores er skuffa over den kulturelle utviklinga etter at krigen tok slutt.  - Eg såg for meg at landet kom til å opne seg meir, og at kulturen frå distrikta skulle bli meir synleg i hovudstaden. Men til sjuande og sist vert vi berre meir og meir uniforme. Vi er i ferd med å bli «MTV Afrika» der kapitalen og globaliseringa dikterer dei nasjonale normene. I Luanda skal vi på død og liv vere så internasjonale. Derfor må musikarane og andre kunstnarar ha internasjonale sjefar, men dei kjenner ikkje til tradisjonane våre.

Likevel fornektar han ikkje at det er mykje talent der ute.
- Det skal seiast at det er veldig interessant å observere den kreative ungdomen. Kudoro har blitt ei populær utrykksform i heimlandet mitt, men for meg er det viktig å vise at vi har andre musikktradisjonar òg.

Paulo Flores sitt mål er å sende ein bodskap til den framtidige slekta. – Den eine av songane på plata som i sommar kjem ut på den amerkanske marknaden, er eit brev til mine barneborns barneborn. Eg drøymer om at dei vil ha eit tydeligare minne av vår historie enn det vi har i dag.

- Som eg seier i songen A carta (querida mãe), på norsk: Kortet (kjære mor); «sonen din hadde ein gong eit ynskje om å endre verda». Det ynskjet har eg framleis, men no håpar eg først og fremst å kunne påverke dagens unge til å bere med seg den same draumen. Og dette kan vi berre gjere ved å oppretthalde minnet om og referansane til vår eiga historie. 

Intervjuet er gjort av NUNO PACHECO for Publico  

Omsetjing/samandrag av Kamilla Storaker Mygland

 

Paulo Flores spelar på Festivalnatta laurdag 4. juli