Toppnamn frå heile Norge når Førdefestivalen jubilerer

 
Karl Seglem kjem til Førde med heile NUNATAK-bandet sitt. Foto: Oddleiv Apneseth

Karl Seglem kjem til Førde med heile NUNATAK-bandet sitt. Foto: Oddleiv Apneseth

Førdefestivalen har for vane å har sterke norske namn på plakaten kvart år, og jubileumsfestivalen er ikkje noko unntak. -Vi feirar 30-årsjubileet med å invitere tilbake artistar publikum har ønskt å høyre igjen i Førde. Det blir gjensyn med både internasjonale og norske publikumsyndlingar, i tillegg til nye namn, fortel direktør Per Idar Almås, som er svært nøgd med den norske bolken han no presenterer.


Karl Seglem først ut

Først ut er Karl Seglem, saksofonisten, bukkehornspelaren, komponisten og poeten frå Årdal, som i fjor sleppte plata NUNATAK, og noterte seg for soleklare 6-arar på terningen i norsk og internasjonal musikkpresse. -Eg gler meg stort til å presentere musikken min på Larris Scene onsdag 3. juli, ikkje minst å ha med meg heile det fantastiske NUNATAK-bandet mitt, seier Seglem. Opp gjennom åra har han stått på scena i Førde både som solist og i samspel med ei rekkje folkemusikarar, men det er første gong han kjem med fullt band. -Hardingfela har ein sentral plass i lydbiletet eg skapar, og då er det enormt å ha sjølvaste Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad i ryggen, gliser Seglem, som i tillegg har med seg Kåre Opheim på trommer, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar og Hallvard Gaardløs på bass.

Ragnhild Furebotten med nytt prosjekt

Ragnhild Furebotten er ein av dei leiande felespelarane frå Nord-Norge, ikkje minst kjend frå populære Hekla Stålstrenga, som stadig er A-lista på NRK. Til Førdefestivalen kjem ho med musikk ho har skapt dei siste fem åra; ein periode der livet hennar har teke mange bråe svingar, og i dette prosjektet har ho med seg svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Tre store musikknamn i ein og same trio det er all grunn til å ha store forhåpningar til.

Furebotten er også med i Fotefar, der ho saman med to andre nord-norske landsdelmusikarane, Bendik Lund Haanshus og Lena Jinnegren, har hatt stor suksess med å løfte fram den rike songskatten etter Edvard Ruud (1902-2001). Fotefar kjem til Førde med songaren og felespelaren Julie Alapnes, som er i ferd med å bygge seg ein solid karriere både her i Norge og utanfor landegrensene. Alapnes er elles ein utøvar som tidlegare har gjesta festivalen i deira internasjonale talentprosjekt for unge musikarar.

Johanne Flottorp får du høyre solo i Haarklousalen. Foto: Heidi Fure

Johanne Flottorp får du høyre solo i Haarklousalen. Foto: Heidi Fure

Spellemannpris-nominert Flottorp på soloscena

På soloscena presenterer festivalen Johanne Flottorp frå Åmli, som er nominert til Spellemannprisen for den sjølvtitulerte debutplata si. Ho har markert seg sterkt på folkemusikkscena i mange år, og om det å vere soloutøvar seier Flottorp: - Når eg tenkjer over det, er eg ikkje aleine når eg speler solo. Eg har ein heil armé av folk bak meg. Kvar slått eg spelar på denne utgjevinga, har eg ein spesiell relasjon til. Og eg har også ein relasjon til kjelda, anten det er eit levande menneske eg har vore på besøk hos, om det er ei note eller om det er eit opptak. Bak alle desse skjuler det seg lange rekker av nye kjelder, som alle speler på lag med meg.

Jo Einar Jansen spelar også på soloscena i Førde. Foto: Knut Utler

Jo Einar Jansen spelar også på soloscena i Førde. Foto: Knut Utler

Nordisk-inspirert Jansen

Eit anna spennande namn på soloscena er Jo Einar Jansen, musikar, songar og komponist frå Frosta i Trøndelag, som nøye har studert folkemusikktradisjonar i alle dei nordiske landa. Han sleppte si første soloplate, Naken, i mai 2018, med musikk som i hovudsak er komponert gjennom dei siste 300 åra på fele, oktavfele og hardingfele, både av Jansen sjølv og av eldre kjende og ukjende.

Det blir gjensyn med den eventyrlege kvartetten med Gjermund og Einar Olav Larsen og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing i Førde. Foto: Sirkel Foto

Det blir gjensyn med den eventyrlege kvartetten med Gjermund og Einar Olav Larsen og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing i Førde. Foto: Sirkel Foto

Gjensyn med Larsen/Hemsing

Toppen av kransekaka for mange blir kanskje gjensynet med søskenkvartetten Larsen og Hemsing i konserten To damer, to herrer. Gjermund og Einar Olav Larsen og Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er i toppsjiktet på den norske folkemusikkscena og den klassiske musikkscena; fire solistar i stjerneklasse som søndag 7. juli set kvarandre i stemne i låven på Fjordamattunet. Dei fire vert også å høyre på gallakonserten laurdag kveld.

Torgeir Vassvik yes av Tuula  jpg.JPG

VASSVIK 706 moh

Torgeir Vassvik gjev deg eit friskt innblikk i det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet. Hans heilt særeigne framføring av den arkaiske transeframkallande musikken til folket sitt, kystsamane, er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen. Vassvik har eit røft og moderne lydbilde med joik, to feler, rammetromme og akustisk gitar. -VASSVIK får publikum mellom anna høyre på toppen av Hafstadfjellet laurdag morgon, seier festivaldirektør Almås.

ABKvartett_JohannesSelvaag _ 3MB.jpg

Det beste frå Ottadalen

Folkemusikk med røter i Ottadalen blir sterkt representert når både Lendmenn og Aslak Brimi Kvartett står på programmet i Førde. Lendmenn vann gruppespelfinalen i Landsfestivalen i gammaldans også i 2018, og skal spele til dans i Førde, medan Aslak Brimi Kvartett skal ha ein ganske eksklusiv konsert på Gabriel Fliflet sin grenselause klubb laurdag kveld.

Heile programmet for Førdefestivalen skal lanserast torsdag 4. april på Larris Scene i Førde. 

 
Torill Faleide