Medium for hundreårig livsvisdom

 

Foto: Tamineh Monzavi

Foto: Tamineh Monzavi

 

I dag, søndag 3. mars, er det Music Freedom Day og det høver godt å kunngjera at systrene Mahsa og Marjan Vahdat frå Iran blir å høyre under Førdefestivalen i sommar.

I heimlandet kan dei ikkje syngje offentleg, for styresmaktene tillet ikkje folk å høyre kvinner som syng, men i Førde kyrkje kan dei la tonane strøyme. Og i går var det stor konsert i Washington DC med Mahsa og deira nyaste samarbeidspartnarar på musikkfronten, den verdskjende strykekvartetten Kronos Quartet. Konserten markerer utgjevinga av plata Placeless. Marjan kunne ikkje vera der, for ho er offer for president Trump sitt forbod mot at iranarar kan koma til USA, dersom dei ikkje har Green Card, slik som Mahsa har.

Løyndomsfull kraft

Klangen i stemmene til systrene Mahsa og Marjan Vahdat og intensiteten når dei syng har ført dei til konsertsalar over heile verda. Han er kjenslevar og varm som dirrande sommardis og full av løyndomsfull kraft. I 2015 gav dei konsert på Førdefestivalen for fyrste gong. Dei song frå albumet Twinklings of Hope saman med Nils Økland og Sverre Apeland. Dei har sunge med mange ulike musikarar i desse åra og når dei no kjem att denne sommaren, er det med  eit nytt repertoar saman med Gjermund Silset (bass), Kenneth Ekornes (perkusjon) og Mehdi Timorlein frå Iran på fløyteinstrumentet ney.

 

Foreldra døydde

Det siste året har vore krevande for Mahsa og Marjan Vahdat, ettersom dei på få månader miste både mor si og far sin. Foreldra har vore ihuga støttespelarar for døtrene sine. Fyrst ved å la dei få del i sin sterke lidenskap for gammal og ny persisk poesi og etter kvart ved å hjelpe dei til å halda oppe vona om å kunne få bløme som kunstnarar trass i alle sanksjonar. Rørande er soga om korleis dei to fekk billettar til den aller første konserten som vart halden i Teheran etter revolusjonen. Då hadde det gått mange år utan at iranarane kunne høyre noko anna enn militærmusikk. Gleda frå folk over å få tilgang til levande musikk att, var enorm. Faren til Marjan og Mahsa stilte seg opp i køen og venta i timevis for å kunne gje døtrene sine denne gåva.

Kunstmusikk

Når ein høyrer den særprega syngestilen til Mahsa og Marjan Vahdat, kan ein kanskje tru at det er folkemusikk dei leverer, men alle songane har kjend komponist. Liksom India skil mellom den landsens folkemusikken og kunstmusikken, som på grunn av sin tonalitet og særmerkte syngjestil lett kan bli teken for å vera folkemusikk av oss nordmenn, har Iran ei tilsvarande inndeling. Det finst ein eigen, svært gamal tradisjon med kunstmusikk og det vert framleis komponert ny musikk i den same stilen. Mahsa komponerer sjølv melodiane til mange av songane dei framfører. 

Foto: Tamineh Monzavi

Foto: Tamineh Monzavi

«Pilegrimsferd til venleik»

Deltakinga på plata Lullabies from the Axes of Evil som Kirkelig Kulturverksted (KKV) ga ut i 2004, bidrog til å sette fart i karriera til Mahsa og Marjan. Sidan har KKV gitt ut fleire soloalbum og plater der dei to systrene syng saman. Internasjonale musikktidsskrift overgår einannan i ros av deira stemmeprakt og musiske kraft. «Pilgrimage to beauty», «intensily intimate» er ord som Songlines nyttar om Mahsa si plate The Sun Will Rise (2016). Om Marjans album Serene Hope (2017) skriv magasinet Lira: «När jag lyssnar på albumet blir jag alldeles stum och stilla inför den obeskrivliga skönheten i musiken. Albumet är så välgjort på alla sätt att bättre än så här kan det inte bli.»

 

Rørt til tårer

Når systrene held konsert i Tyrkia, kjem mange iranarar over med fly berre for å få høyre dei syngje. Tekstane dei framfører er både samtidspoesi og dikt av poetar som Rumi og Hafez, som levde for fleire hundre år sidan, og som iranarar den dag i dag har eit sterkt forhold til. Difor er det kan hende ikkje så rart at iranarar reiser lange vegar for å høyre dei og at publikum ofte blir rørt til tårer.

Men at folk i Europa, USA, Australia og New Zealand også set pris på dette, er ganske interessant. Systrene Vahdat syng nemleg alltid på farsi. Når dei likevel når fram til folk i vesten, seier det noko om uttrykkskrafta i poesien som strøymer gjennom artistane sin musikalitet. Krafta i måten dei syng på har med innhaldet i songen å gjera og folk merkar det. Det er århundrelange mystikartradisjonar, livet i heile si breidde og djupne, kjærleik, sorg, glede og ånd. Songarane blir som medium, der hundreår gamal livsvisdom strøymer gjennom dei.

 
Torill Faleide