Arild Molstad til kultur- og reiselivskonferanse i Førde

Arild Molstad - reiselivsekspert og skribent.

Arild Molstad - reiselivsekspert og skribent.

 

Kva slags turisme kan vi leve av og leve med? spør reiselivsekspert og skribent Arild Molstad når han held opningsinnlegget på Førdekonferansen 2019. Konferansen har tittelen KULTUR OG REISELIV - med berekraft som mål.

HER kan du sjå det komplette programmet for konferansen - og melde deg på.

Arild Molstad har mellom anna vore rådgjevar ved Unescos verdensarvkontor i Paris, Norfund i Afrika, og UD i søraust-Asia. Som ein del av National Geographic Society’s Sustainable Destinations program var han initiativtakar til eit fem år langt samarbeid mellom Innovasjon Norge, Hurtigruten og National Geographic. Ei av dei siste bøkene hans har tittelen Last Chance Destinations: How to explore the world while making it a better place to live.

- Molstad toppar eit sterkt program om eit hyperaktuelt tema. Her er det verkeleg høve til å bli oppdatert og delta i debatten om kva veg reiselivet skal ta framover, og ikkje minst kva rolle kulturen skal spele i utviklinga, seier direktør Per Idar Almås i Førdefestivalen, som håpar at aktørar innan reiseliv og kultur finn vegen til Førde denne torsdagen.

Reiseliv og turisme er eit heitt tema i media om dagen, og tittelen på Molstad sitt innlegg signaliserer også at vi står framfor viktige val: Dramatiske vegval for norsk reiseliv anno 2019: Kva slags turisme kan vi leve av og leve med? Statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet vil presentere regjeringa sitt syn på reiselivsnæringa i framtida. Margrethe Helgebostad er ansvarleg for reiselivsanalyse i Innovasjon Norge, og vil snakke om kvifor kultur er viktig for Norge som reisemål. Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge AS sitt innlegg har tittelen: Korleis skal reiselivet på Vestlandet utvikle seg fram mot 2030?

Du møter også administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i samtale med Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling. Fjord1 har spennande planar for framtida både innan turisme og det å skape eit grønare reiseliv i Norge. Fylkesdirektør for kultur og næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, skal snakke om satsing på turisme/reiseliv og kultur som komponentar i eit moderne reiselivsprodukt.

Konferansen vert leia av Sigrid Moldestad, og inkluderer også invitasjon til gjestemottaking og den store opningskonserten på Førdefestivalen, torsdag kveld.

Arild Molstad vert også høyre fredag på festivalen. Då i samtale med Guttorm Andreasen om siste boka si: Last Chance Destinations: How to explore the world while making it a better place to live. Dette skjer i utstillingssalen på Førdehuset.

Sjå fullt program for Førdefestivalen 2019 

Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune og Sunnfjord utvikling.

Torill Gundersen