'Rein kjensle' og samtidsdans

 Manuel Ramírez Flamenco Ballett i temperamentsfull aksjon under konserten i Førdehuset fredag. (Foto: Marianne Lystrup)

Manuel Ramírez Flamenco Ballett i temperamentsfull aksjon under konserten i Førdehuset fredag. (Foto: Marianne Lystrup)

Dei dansar til oss med kvinnekamp frå Spania. Den såg du ikkje kome! Framsyning i Førdehuset i kveld, fredag 6. juli 2018.

 

 Mercedes Jaldón er ei av dansarane i Manuel Ramírez Flamenco Ballett. Her saman med sjefen. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón er ei av dansarane i Manuel Ramírez Flamenco Ballett. Her saman med sjefen. (Foto: Marianne Lystrup)

 

 

Flamenco og samtidsdans

Manuel Ramírez Flamenco Ballett er eit ungt ensemble. Grunnleggjaren er heller ikkje gamal. Til gjengjeld er han visjonær. Han har skapt framsyninga Flamenco 4 women 4 (Miradas, Flamenco por la igualdad). Ho syner oss kvinnekamp på spansk.

 Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez i Førde. I kveld dansar kompaniet hans i Førdehuset. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez i Førde. I kveld dansar kompaniet hans i Førdehuset. (Foto: Marianne Lystrup)

– Flamenco er rein kjensle, seier Manuel etter ei lita tenkepause når eg bed han forklare fenomenet. Og kjenslene har kraft i seg til å overføre innhald til publikum. I dette tilfellet har han sett seg føre å fortelje om hundre års kvinnekamp i Spania.

 

Høgt nivå

Han og dei fire dansarane nyttar rett nok ikkje berre flamenco. Kompaniet er basert på ein miks av denne gamle sigøynartradisjonen og moderne dans med røter i klassisk ballett. Alle dansarane har utdanning på båe område og held høgt nivå.

 Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez har mange uttrykk å spele på. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez har mange uttrykk å spele på. (Foto: Marianne Lystrup)

 

Sjølv byrja Manuel å danse som åtteåring. Han skjøna fort at dette var noko han elska, og søkte seg til akademi og konservatorier fleire stader i Spania. Fyrst i Cádiz i Andalucia, der han vaks opp. Så fylgde fleire år med roller i ulike kompani og oppdrag for fjernsyn. No er han busett i Madrid, som er base for kompaniet han starta for snart tre år sidan.

 

Eige kompani

– Eg hadde blitt 25 år og var klar for å skape mitt eige kompani. Eg samla alle mine interesser i dette arbeidet som har pågått i snart tre år og som eg er svært byrg for, seier han.

– Er det populært å vera med i kompaniet ditt?

Han ler. Seier at eg må spørje dansarane. Ei av dei sit saman med oss. Mercedes Jaldón stadfestar at det er gjævt. Ho likar å vera med både på grunn av innhaldet i stykket og høvet det gjev henne til å veksa som dansar med tanke på vegen vidare.

 

Fansen vil danse med han

Manuel Ramírez har handplukka dansarane sine. Ikkje frå fan-posten på sosiale medier, der jenter som har sett han på TV er ivrige etter å få danse med han, men frå dansarar med utdanninga i orden.

 Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez har ikkje noko imot å syne nokre dansepositurar. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez har ikkje noko imot å syne nokre dansepositurar. (Foto: Marianne Lystrup)

Kvinnekamp

– Er det ein bodskap i forestillinga?

– Å ja det er svært viktig for meg. Stykket er inspirert av kvinnekampen. Bodskapen er å kjempe for rettferd og kvinnekamp slik at vi kan nå fram til full likestilling for alle kvinner.

– Vi er ikkje der enno meiner du?

– Det har vore ei god utvikling, men framleis står mykje att før vi har oppnådd likestilling.

 Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez. (Foto: Marianne Lystrup)

 

Dansaren Mercedes Jaldón er glad for tematikken i stykket. Ho fortel at kvinnefrigjering er eit tema som er blitt meir og meir aktuelt i det spanske kulturlivet, mellom anna takka vere dette stykket. Det har vore viktig fordi det tek opp denne tematikken på ein uvant måte. Det gjer at desse tankane kjem nærare innpå folk. Fordi det er ei danseframsyning, kjem det alle slags folk – kvinner og menn, barn – det er interessant.

– Korleis har reaksjonane vore? Vert sume provosert?

– Eg har ikkje høyrt at nokon er blitt provosert, men mange gjev uttrykk for at dei likar det, seier Mercedes.

Størst suksess hadde dei då dei gjesta Latvia i haust. Der var publikum heilt ville. Ropte og gav ståande applaus.

 

 Mannens brutalitet i tidlegare tider kjem klårt fram i framsyninga. (Foto: Marianne Lystrup)

Mannens brutalitet i tidlegare tider kjem klårt fram i framsyninga. (Foto: Marianne Lystrup)

– Trur du nokon kan bli feministar av å sjå framsyninga?

– Det kan hende. Om det er folk som ikkje er opptekne av dette, reknar eg i alle fall med at dei kan kome til å sjå på kvinnefrigjering på nye måtar. Stykket reflekterer kampen som kvinnene har hatt i hundre år. Det kjem kraftig fram, fortel Manuel.

 

Kleda syner utviklinga

Mercedes fortel at kleda dei har på seg endrar seg gjennom stykket, som eit bilete på utviklinga

som fylgjer kvinnene sin situasjon frå byrjinga av førre hundreåret, fram gjennom borgarkrigen, francoperioden og demokratiutviklinga.

 

– Utviklinga syner tydeleg at kvinnene sin verdi i samfunnet er endra. I byrjinga av hundreåret måtte ho lyde mannen i eitt og alt. No har kvinnene sin eigen rett til å tenkje fritt og styra sitt eige liv. Det er sjølvsagt viktig for å vidareutvikle retten til likeverd og til å vera fri, seier Manuel.

Ikkje noko 'Me too'

Årsaken til at likestilling og kvinnekamp er på dagsorden i Spania for tida har ikkje med ‘Me too’ å gjera. Den rørsla har dei knapt høyrt om. Men på tv ser ein stadig opprop mot mannssjåvinismen, seksuelt misbruk og mishandling, fortel dei. Og fleire teaterstykke finst, som handlar om om vald mot kvinner.

 

 Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez. (Foto: Marianne Lystrup)

Mercedes Jaldón og Manuel Ramírez. (Foto: Marianne Lystrup)

– Korleis er kvinna sin posisjon innan flamenco? Når ein ser på dansen, lyser det styrke ut av kvinnene! Det er vel eit teikn på likestilling?

– I sjølve dansen er det jamstilling mellom kvinner og menn. Vi har kvar våre rørsler men det er ikkje noko undertrykkande i det. Men tradisjonelt har kvinnelege dansarar vore mykje dårlegare betalte enn mannlege. Tidlegare var det nok heller ikkje så sosialt akseptert for kvinner å vie seg til dansen, men dette er det slutt på, seier Manuel og Mercedes.

 

 

Akseptert kombinasjon

– Blir det allment respektert i dansemiljøet å blande flamenco med moderne, koreografert dans?

– Ja det trur eg. Har aldri høyrt noko om at folk ikkje likar det, seier Manuel Ramírez.

 

Marianne Lystrup

ml@skriveliv.no

Marianne Lystrup