Ragnhild vann festmiddag og to kokkar heim

 
  KOKK HEIM-vinnar Ragnhild Hatlebrekke og mannen Reidar flankert av Bodil Erdalsdal, oldermann i Kokkenes Meisterlaug Sogn og Fjordane og kokk og konditor Thomas Holme Smådal. Foto: Arve Ullebø

KOKK HEIM-vinnar Ragnhild Hatlebrekke og mannen Reidar flankert av Bodil Erdalsdal, oldermann i Kokkenes Meisterlaug Sogn og Fjordane og kokk og konditor Thomas Holme Smådal. Foto: Arve Ullebø

Tekst: Torill Faleide - Foto: Arve Ullebø

Heilt sidan 2003 har Førdefestivalen invitert til festivalfrukost laurdag morgon på festivalen, og heilt sidan byrjinga har Kokkenes Meisterlaug Sogn og Fjordane vore ein viktig samarbeidspart for dette populære arrangementet. I tillegg til å vere med å byggje opp tradisjonen med gratis laurdagsfrukost i sentrum, har kokkelauget dei siste åra også stilt opp med ein fantastisk KOKK HEIM-premie som vi trekkjer ut blant alle som deltek på frukostkvissen. Vinnaren av den flotte premien kan invitere inntil 8 personar på ein 3-rettars middag og få to kokkar frå kokkelauget heim til å lage maten. Råvarene vert sponsa av Coop Extra i Førde.

 

Vinnaren av den gjeve KOKK HEIM-premien på siste festival var Ragnhild Hatlebrekke i Førde. Ho har vore på samtlege festivalfrukostar sidan den vart ein del av festivalen i 2003. I følgje ho sjølv har ho ikkje utprega vinnarlukke, og høyrde ikkje ein gong at det var hennar namn som vart ropt opp. -Eg høyrde Ragnhild eitt-eller-anna bli ropt opp, men først då ei veninne sa at det var mitt namn som kom over høgtalaren, reagerte eg, fortel KOKK HEIM vinnaren, som vart utruleg glad for akkurat denne premien. - Rett og slett ein fantastisk premie å vinne, seier ho.  

 
 Thomas servitør. 

Thomas servitør. 

Gode vener i godt lag

Ragnhild hadde først planer om å bruke premien i samband med ei feiring på våren, men ho vart tipsa av kokkelauget om at kokken skulle vere borte nokre månader, så det passa aller best om ho kunne få det til før jul. Vi bestemte oss for dato, og sende ut invitasjon til gjestene i september. Alle, inkludert vertskapet, gjekk og gledde seg til gjestebodet. -Det å glede seg til noko er ei god kjensle. Det sette faktisk ein ekstra spiss på det heile - desse vekene fram til november då vi alle gjekk og venta på denne spesielle fredagskvelden, seier ho. 

 

Ragnhild sin meny

-Vi reiser mykje, så menyen vart avtala medan vi var i Spania. Thomas ringde meg, og saman kom vi fram til kva vi ville servere til forrett og hovudrett, medan eg gav Thomas frie tøyler til å bestemme desserten. - EI lita overrasking måtte vi sikre oss, ler Ragnhild.  

 
Det var berre fantastisk å kunne overlate alt på kjøkenet til proffe folk, og berre nyte.
— Ragnhild, KOKK HEIM-vinnar
 
 
 

********

Gravlaks, sennep, mandelpotet, fiskelefse og rogn.

********

Hjortesteik med pastinakkpure, gulbetar, krema sopp og saltbaka mandelpotet.

********

Sjokolade, kaffi og bringebær.

 
 Kokkane Thomas og Bodil i hyggeleg passiar med verten. Foto: Arve Ullebø

Kokkane Thomas og Bodil i hyggeleg passiar med verten. Foto: Arve Ullebø

Om det å få eit par kokkar heim til å lage mat for gode vener, er Ragnhild overstrøymande positiv. -Eg er jo ikkje nokon superkokk, akkurat, så det å vinne denne KOKK HEIM-premien var heilt optimalt. Det var berre fantastisk å kunne overlate alt på kjøkenet til proffe folk og berre nyte kvelden saman med gjestene. Betre kan det nesten ikkje bli. Og maten smakte fortreffeleg, sjølvsagt, det var vi skjønt samde om alle saman.  

 
 Desserten md bringerbær og sjokolade var ein vinnar! Delikat og velsmakande, akkurat slik det skal vere, seier Ragnhild. Foto: Arve Ullebø

Desserten md bringerbær og sjokolade var ein vinnar! Delikat og velsmakande, akkurat slik det skal vere, seier Ragnhild. Foto: Arve Ullebø

Etter at invitasjonane var sende ut, var det berre for både vertskap og gjester å glede seg. Thomas og Bodil hadde alt på stell. -Thomas presenterte menyen ved bordet og skapte ei fantastisk hyggeleg oppleving for oss og gjestene våre, seier Ragnhild. - Og desserten? Den vart sjølvsagt akkurat den gode overraskinga vertinna ønskte seg; ein lekker sjokolade-sak med bringebær! -Det kunne rett og slett ikkje bli betre, seier den glade KOKK HEIM-vinnaren. 

 
Torill Faleide