Panelsamtale: Verda i Sunnfjord - Sunnfjord i Verda

Paneldebatt---facebookbilde.jpg
 

NOREC og Førdefestivalen inviterer til panelsamtale:

VERDA I SUNNFJORD | SUNNFJORD I VERDA

Invitasjon til panelsamtale fredag 16. november kl. 10.30-12.00
Stad: Utstillingssalen, Førdehuset

I 30 år har Førdefestivalen invitert til musikalsk mangfald gjennom slagordet Verda kjem til Førde! og i 2006 vart Førde utnemnd til Internasjonal Kommune av det dåverande Fredskorpset. 12 år seinare bankar verda stadig kraftigare på døra uansett kvar ein er. Folk reiser meir, og verksemder og institusjonar jobbar meir med utanlandske partnarar. Verdssamfunnet jobbar saman om FNs berekraftsmål for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane før 2030. Korleis påverkar dette Førde og Sunnfjord? Korleis ser framtida ut for dei sunnfjordingane som no er born?

Med dette som bakgrunn ynskjer vi i Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec – tidlegare Fredskorpset) og Førdefestivalen å invitere dykk til ein panelsamtale i Førdehuset 16 november, klokka 10:30– 12:00.

I panelet:

Ordførar Olve Grotle: «Førde Kommune og internasjonalt arbeid»

Adam Dean, morsmålslærar/språkarbeidar: «Sunnfjord og eg»

Arne Osland og Leonora Kleiven, United World College: «Verda i Fjaler»

Helge Espe, Norec: «Bærekraftsmåla 2030: Ein agenda for alle.»

Per Idar Almås, Førdefestivalen: Kulturens kraft i eit fleirkulturelt samfunn.

 
Torill Faleide