Møt artisten spesial: Muchacho & Los Sobrinos frå Barcelona

Frå Spania til Førde:

Guten frå sigøynarkvartalet

Det regnar tungt i Barcelona. Miguel Serviole skrumpar inn under den grøne paraplyen, uvant med den gråtande himmelen, men plutseleg lyser han opp: - Sjå, der er mamma! 

Vi vandrar gatelangs i d´Hostafrancs i Barcelona der Miguel og dei andre i bandet Muchacho & Los Sobrinos voks opp, ved det kjende landemerket Placa d’Espanya. 

På varme sommardagar pleidde familien å smøre med seg mat og tilbringe fleire timar rundt det kjølande vatnet i Font Màgica - den magiske fontena - som blei bygd til verdsutstillinga i 1929. Den store plazaen er ein attraksjon for turistar som besøker Barcelona, men den er også hagen til fastbuande sigøynarar og andre byborgarar som veks opp midt i hjartet av den store metropolen. 

Vi blir inviterte inn i varmen

Vokalist og gitarist Miguel viser oss rundt i barndommens paradis. Det er her vi støyter på mamma; ei lita, men urokkeleg dame med fast blikk. Vi er på den familiedrivne pizzarestauranten La Pizza Loca. På norsk betyr det noko slikt som «den sprø pizzaen», truleg i dobbel forstand. Ankomsten vår vekker åtgaum. Det er latter og høge stemmer og ei uendeleg rekke espressokoppar. Førsteklasses kaffi, når det er sagt. 

Snart dukkar også broren Enrique opp. Han speler i bandet og skal vere med til Førde i juli. Mamma må derimot bli heime og passe på at alle har det bra. Det er mamma sin jobb. 

Inn med morsmjølka

Familien er det samlande punktet i sigøynarkulturen eller romkulturen, anten det er snakk om Romania, Spania, eller India, der dei seiast å stamme frå. Musikken er ein naturleg del av kvardagen. Alle i familien speler instrument, syng eller dansar. Det ligg i blodet, ein rytme like naturleg som at hjartet slår.

- Det er ikkje slik at bestemor eller onkel set seg ned og lærer oss yngre notar eller gitargrep, fortel Miguel. 

- Vi ser, høyrer og aper etter dei eldre. Vi lærer å danse, før vi lærer å gå, smiler Miguel. Muchacho blant venner. 

Bandmedlemmene i Muchacho & Los Sobrinos er anten i slekt eller er nære venner frå barndommen. Alle har kallenamn. I det ni mann store bandet er det ein Rocky og ein Rambo og ein Mosquetón («karabinkrok»). Muchacho betyr enkelt og greitt «gut». 

- Det er kallenamn vi fekk i oppveksten. Alle kalte meg Muchacho, og det har blitt hengande ved meg. Rambo likte å slåst. Mosqueton fekk namnet av bestefaren, men ingen veit kvifor, fortel den 37 år gamle guten frå sigøynarkvartalet. 

Muchacho og broren Enrique

Rund rumba

Musikken til dei katalanske sigøynarane er annleis enn den vi kjenner frå Andalucia. Det er tropisk rumba, ikkje fyrig flamenco. 

Rumba-musikken er naturleg innslag i bryllaup og andre familiefestar. Men den daglege musikken - kvardagsmusikken - den finn du i den lokale, protestantiske kyrkja. 

- Mange går i kyrkja nesten dagleg. Det er her musikken skjer, seier Muchacho. 

Dei katalanske sigøynarane skil seg ut på fleire måtar, skal vi tru venninna Mariela, sjølv sigøynar frå Cuba. Ho er med som tolk og tillet seg ein personleg observasjon om likskapar og forskjellar. 

- Sigøynarkulturen er først og fremst ein måte å leve på, ein filosofi. Alt kretsar rundt familien. Vi tar vare på dei eldre og gir dei omsorg i heimen, slik dei tok vare på oss då vi var små. Dette har vi til felles. Men eg har inntrykk av at dei katalanske sigøynarane er rolegare enn andre sigøynarar. Dei er meir like andre fastbuande folk. 

Le eller grine? 

Musikken til Muchacho & Los Sobrinos er ung og urban. Tekstane er dels på spansk, dels på katalansk. Lyrikken kan ha brodd, for eksempel gjer dei narr av grådige huseigarar som krev for mykje i leige, men storpolitikk held dei seg unna. 

- Eg vil ikkje mikse flagg og meiner ingenting om den katalanske lausrivinga frå Spania. Når eg speler, ønsker eg å få venner, ikkje fiendar. Eg vil at publikum skal reagere - med tårer, dans eller latter - det er ikkje så viktig kva. Berre dei får noko ut av musikken. 

Tekst og foto: BlackStarJournal

David Bowen