Møt Artisten Spesial: Elida Almeida frå Kapp Verde.

Frå Kapp Verde til Førde:

- Finn den gode kjensla! 

Elida Almeida kjem frå eit land med 350 soldøgn i året. Når ho reiser på turné, tar ho sola med seg. Vi stakk innom turnelivet til den unge artisten ein kald dag i februar - og fekk varmen i oss. 

Eg føler meg sjølvsikker i musikken.
— Elida Almeida

I ti-tida laurdag kveld:

Elida Almeida (25) frå Kapp Verde står på scena i den franske elvebyen Blois. Ho stiller med fullt band: gitar, trommer, bass, keyboard, trekkspel og perkusjon. Den ru vokalen ligg og leikar på rytmane. Ho er kledd i ein knallgul jumpsuit som lyser opp. Ho dansar berrføtt rundt på scena og skaper sitt eige solsystem. Ho lyser på dei «planetariske» musikarane i bandet, og ho stråler mot asteroidene i publikum og lokkar dei til seg som ei sky.

Koladera er glad musikk å danse til. Den uformelle atmosfæren på multikulturhuset Maison de Bégon bidrar til den gode følelsen. Det er bord og stolar langs veggane, men elles tar folk med seg ein klappstol og set seg der dei vil. Denne halvsirkelen av kroppar og stolar og smilande fjes framfor scena blir som ein palisade og dannar eit naturleg dansegolv. 

Varmen breier seg i frosne ledd, og hoftene tiner. Snart danser vi som om vi meiner det. Vi flytter føtene med autoritet, og armane sleng lukkeleg med. Det er sommer midt på vinteren, og inn hit når ikkje den kalde gufsen frå Frankrikes lengste elv Loire.  

I juli er det elvebreiddene langs Jølstra som får besøk av Elida og dei andre frå Kapp Verde - og best av alt - det er berre ein liten forsmak. Dans og dansemusikk er tema på Førdefestivalen, og håpet er å spreie litt av den der varmen. Tenk deg at du kan sjå Førde og dei omliggande grendene frå ein satelitt, og tenk deg at bildet svingar litt att og fram nokre dagar i byrjinga av juli. Som om dataoverføringa pluseleg blir forstyrra, eller som om Sunnfjord prøver å skape sitt eige solsystem ei lita stund der. Hadde ikkje det vore fantastisk?!

I fire-tida tidlegare på dagen: 

25 år gammal kan Elida krysse av 34 land på spelelista. Fleire skal det bli. Ho og bandet er på turné igjen. Dei har spelt i Lisboa og dei to føregåande kveldane i Paris, og denne dagen starta med kollektivtransport på buss og tog den vel fem timar lange reisa frå den franske hovudstaden til elvebyen Blois. 

Sjå video ovanfor!

Vel framme til lydsjekk i 16-tida blir ho konfrontert med det uunngåelege. Desse to nordmennene frå Førdefestivalen, dei har faktisk tatt turen og vil gjerne gjere videointervju på engelsk. Det har ho aldri gjort før, så det får ho sikkert til. «Eg er sjølvsikker», seier ho til seg sjølv. Ho aktiverer den mentale kjernemuskulaturen og møter utfordringa med direkte blikk og med føtene godt planta på golvet. 

- Eg har alltid elska å danse, seier ho og så lyser ho opp som om ho kjem på noko. 

- Det er mange morsomme historier om meg på besøk hos bestemor. Viss det var eit bryllaup eller ein anna familiefest i nabolaget, sende bestemor meg av garde med noko lite til vertsskapet, litt sukker, ris eller juice. Det er vanleg i vår tradisjon. Men eg blei alltid verande og danse til tidleg morgon. Når eg kom heim, fekk eg kjeft. «Trur du at du er vaksen? Her i heimen er det eg som er sjef!». 

Det er ikkje så lett å stoppe Elida. Sjølv Elida har problem med å stoppe Elida. 

- Du må roe deg ned, seier eg til meg sjølv, men eg klarer ikkje. Når eg føler noko, må eg berre danse. På scena prøver eg å gi den gode energien vidare til folk. 

Elida fortel om barndommen på Kapp Verde: 

Kapp Verde er eit titals vulkanske øyer i Atlanterhavet nær tusen kilometer vest for Senegal. Sterke krefter pressa øyene opp av havet, og framleis har landet éin aktiv vulkan. Øyene var ubebudde då portugisarane gjekk i land på 1400-talet og gjorde Kapp Verde til ein viktig mellomstasjon i slavetrafikken. Ein kan trygt seie at landet har ei dramatisk historie, men det har Elida òg. 

- Eg var åtte år då pappa døydde, og i den augneblinken følte eg verkeleg smerte for første gong, seier Elida.

Ho og mora og dei to søskena var i sorg, og i tillegg måtte dei forhalde seg til ein ny økonomisk kvardag. Dei måtte flytte frå den største og tettast befolka øya Santiago til Maio lengst aust i øylandet. Maio har sandstrender og skogar og skil seg frå resten av Kapp Verde. Her livnærte mora familien med å selje grønsaker på gata. Det var eit liv utan vegar og elektrisitet, og den einaste kontakten med omverda kom via musikken på ein batteridriven radio.

Elida smiler stort og seier at familien har det bra i dag. Ho skryt av både søstera og broren som i ferd med å fullføre universitetet. 

- Sjølv droppa eg ut av skulen, eg liker mykje betre å synge, seier ho høgt og hjarteleg. 

- Eg har det bra. Eg får halde på med musikken min, og eg trur at eg gjer mange folk glade.

Elida filosoferer om å finne den glade følelsen: 

Alle har vanskar i livet, tenker Elida. Ho er langt ifrå den einaste i Kapp Verde som saknar faren sin. 

- I Kapp Verde er det ofte at vi ikkje har det vi treng. Det regnar ikkje, og avlingane tørkar. Det er vanskeleg, men eg trur vi må vere blant dei sterkaste folka som finst. Særleg kvinnene er sterke. I Kapp Verde er majoriteten einslege mødrer. 

Det er på grunn av levestandarden. Mennene jobbar i andre land for å forsørge familiane sine. Det bur ein halv million i Kapp Verde, og truleg så mykje som éin million utanfor landets grenser. Det skaper eit sakn, fortel Elida. 

- Når ein ser familiar som er samla på gata, kjenner ein eit stikk i magen. Det er noko som manglar, noko ein ikkje har hatt i oppveksten. 

Elida har hatt mange vanskelege dagar i livet. Dagar då ho har våkna opp med tårer i auga. 

- Men eg tenker, uansett kor tøft livet er, så går det an å finne noko «happy» i det dårlege. Det er det eg prøver å gjere i musikken min. For eksempel handlar ein av låtane om ein samtale eg hadde med mor mi då ho fann ut at eg var gravid som 16-åring. Det var ei vanskeleg tid. Mamma hadde store draumar for meg, eg var motivasjonen hennar for å halde kvardagen i gang. Eg spurde meg sjølv: Kan det komme noko bra ut av denne situasjonen? Eg lagde låten Joana. Når den unge generasjonen høyrer låten, kan dei kjenne seg igjen, og kanskje tenker dei over at dei ikkje bør få ungar for tidleg, at det er betre å studere, skaffe seg jobb og ha pengar først. 

Alle kan aktivere denne «krisepakken», meiner Elida.

- La oss seie at du vaknar opp med ein dårleg følelse, og at du ikkje har det bra. Korleis kan du få eit vakrare bilde av verda i dag? Du må leite. Du kan gå ut og ta eit bilde, eller du kan skrive - ikkje veit eg. Alle har ei eller anna form for kunst i seg. Du må bli kjent med deg sjølv: Kanskje kan du bli økonom, dommar - eller sjåfør? Å køyre er absolutt eit talent, nokre lærer det aldri! 

Elida snakkar om å finne sitt eige uttrykk: 

Musikken på dei svært spreidde øyene i Kapp Verde har gått i litt forskjellig retning. Det er kolá, morna, funaná, batuque, tabanka. Felles er at musikken er melodisk og glad å danse til, tradisjonelt mykje brukt i karneval. Men det er også rom for alvorlege tema og livets nedsider, og dei forskjellige tradisjonane har sine eigne særtrekk. Medan batuque er ein tradisjon for kvinnelege songarar, er funaná basert på trekkspel. 

Elida tar òg musikken i ny retning. Ho hentar element frå dei forskjellige tradisjonane, og bygger på det med sitt eige, unike uttrykk. 

- Eg er 25 år og føler at det er oppdraget mitt å bringe noko nytt til kulturen min. Eg høyrer mykje på musikk frå Afrika, Europa, USA og Brasil. Eg er glad i tradisjonen min, men eg tenker også at det er viktig at vi prøver å snakka saman musikalsk over heile verda, seier ho. 

At vi kan søke oss inn på same frekvens. 

Det første albumet hennar har nådd fleire kontinent, og songen «Nta Konsigui» har tre millionar visningar på YouTube. I 2017 slapp ho og bandet albumet «Kebrada». Her kjem dei afrikanske og latinske røtene fram, men plata inneheld også sosialkritikk anno det tjuande hundreåret.

På konsert: 

Sola har nådd senit der oppe på scena. Elida har for lengst fått temperaturen til å krype forbi ein gjennomsnitleg sommardag i Sunnfjord, og ho har ikkje tenkt å gi seg før ho har fått alle inn i varmen. Ho har bandet i ryggen. Dei lar henne aldri i stikken viss ho treng litt energi eller nokre oppmuntrande dansesteg. 

Slik Elida ser det, så har vi eit felles oppdrag: Å sjå etter det gode i det vonde og å finne «happy». Så, kva ventar vi på? Det er berre å riste laus og lette på føtene! 

Etterpå

- Eg må ete, seier ho. 

Ho er tilbake i garderoben. Ho treng hjelp til å opne glidelåsen på den skreddersydde jumpsuiten. Ho kastar eit ordlaust blikk på Hernani, som straks ser kva ho treng og kjem til for å hjelpe. 

Pakke ned og pakke opp. Reise med korresponderande kollektivtransport. Møte media. Stryke den gule jumpsuiten. Samle seg til konserten. Gjennomføre settlista, nå klimaks. Møte fansen, ta sjølviar, signere plater. Få sola til å stå opp og spinne ein sommar. Elida har vore på farten i fjorten timar. 

Det fulle turnelivet er omvendt proporsjonalt med magen. 

Fun fact: 

Elida og bandet speler alltid ein tribute til Bitori, trekkspelegenda frå Kapp Verde som i godt vaksen alder gjekk i studio og fekk eit nytt oppsving. Det er han som er grunnen til at dei har trekkspel på scena. Den stoiske og sjarmerande Bitori var på Førdefestivalen i fjor og spelte mellom anna på Hafstadfjellet 706 meter over havet. 

Foto, tekst, video: BlackStarJournal

David Bowen